Hopp til innhold

Jin (16): – Eg er glad vi overlevde

16-åringen Jin Abe og bestemora overlevde ni dagar under eit kollapsa hus etter jordskjelvet i Japan. Dei heldt seg levande på vatn og snacks, fortel han frå sjukesenga.

Video Intervjue med overlevende etter jordskjelvet i Japan

Jin Abe har fått faren Akira Abe på besøk på sjukehuset i Ishinomaki.

Jin Abe var saman med bestemor si på kjøkkenet i andreetasje då jordskjelvet og den påfølgande flodbølga slo inn over Japan for ti dagar sidan . I går vart dei to funne i live .

Ifølgje TV-kanalen NHK vart huset flytta 100 meter av den store bølga. Jin fortel at han og bestemora klarte å få tak i nokre tepper, og at dei kraup tett inntil kvarandre for å halde varmen.

– Vi fann litt vatn og snacks, og åt det, seier Jin med spinkel røyst ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Bestemor Sumi Abe vart redda ut i live i går

Bestemor Sumi Abe vart redda ut i live i går. Ho og barnebarnet Jin overlevde på vatn og snacks i ni dagar før dei vart redda.

Foto: KAHOKU SHIMPO / Afp
Høyrde folk på utsida

I ni dagar låg dei to under eit kollapsa hus, medan redningsarbeidarar leita etter omkomne rundt dei.

Jin fortel at dei to var innestengde i eit rom som det ikkje var råd å verken reise seg eller gå rundt i.

– Vi høyrde folk på utsida, men klarte ikkje å kome oss lause, seier han.

Søndag greidde han endeleg å kravle seg gjennom bygningsrestane og rope på hjelp. Han vart henta med helikopter og frakta til sjukehus saman med bestemora.

– Eg er glad vi overlevde, seier han.

Gir håp til pårørande

Far Akira Abe gav aldri opp håpet om å sjå sonen i live

Far Akira Abe gav aldri opp håpet om å sjå sonen i live igjen.

Foto: JAPAN POOL / Afp

Faren Akira gav aldri opp håpet om å få sjå sonen igjen.

– Vi hadde heile tida trua på at han var i live ein eller annan stad, seier han.

– Han seier ikkje stort, men eg har alltid meint at han er ein stor mann. Denne gongen beviste han det verkeleg, seier faren.

Historia om Jin og bestemora gir håp til tusenvis av japanarar som saknar familiane sine. Bitande kulde og dårleg vêr gjer ikkje situasjonen betre.

– Eg er overvelda av at desse to klarte seg i desse utruleg vanskelege tilhøva så lenge. Desse mirakuløse nyheitene gir håp til folk som er utsette for katastrofen, seier talsmann for myndigheitene, Yukio Edano.

Til saman 22.000 menneske er frykta døde etter katastrofen. Fleire enn 8000 personar er stadfesta omkomne , ifølgje japansk politi.

Huset flytta seg hundre meter

Huset der Jin og bestemora var flytta seg hundre meter i tsunamien. Innfelt 1: der huset stod. Innfelt 2: der dei to vart funne i live ni dagar seinare.

Foto: JIJI PRESS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt