Hopp til innhold

– Sjefen for valdekninga i SVT blir skifta ut

Stockholm (NRK): Eva Landahl, sjef for valdekninga i SVT, blir skifta ut, melder den svenske avisa Expressen.

Jimmie Åkesson, Sverigedemokraterna.

Jimmie Åkesson og Sverigedemokraterna vil ikkje snakke med SVT før etter valet.

Foto: Johan Nilsson/tt / NTB scanpix

Dette skjer etter at Jimmie Åkesson og Sverigedemokraterna har varsla at dei boikottar SVT til etter valet. Samstundes har dei klaga SVT inn for valobservatørane frå OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa). Det var Eva Landahl som tok avgjerda om å ta avstand frå fråsegna til Åkesson.

Landahl skriv dette i kveld, ifølgje Expressen :

Eva Lundahl (SVT)

Eva Lundahl blir skifta ut som leiar for valdekninga i SVT, ifølgje Expressen.

Foto: SVT

«Det här är, som jag sagt under dagen, ingen lätt fråga och i dag har vi diskuterat andra möjliga sätt att göra bemötandet. Vi är ense om det skulle ha blivit bättre och begripligare för publiken om vi bemött uttalandet på ett annat sätt efter debatten, exempelvis genom direkta frågor».

Det har i kveld også kome fram at Landahl tidlegare har trykt likar på fleire Twitter-meldingar som har vore kritiske til Sverigedemokraterna.

Det var i går kveld at SVT tok avstand frå ei av fråsegnene til Jimmie Åkesson i partileiardebatten på kanalen. Sverigedemokraterna har også klaga dette inn for valobservatørane frå OSSE

Partiet meiner at SVT har vridd på det Åkesson sa i debatten når dei grunngir kvifor dei gjekk ut og tok avstand frå det Åkesson sa. Dei viser til at Eva Landahl i SVT i dag sa at Åkesson hadde peika ut innvandrarar som ei gruppe som ikkje kan bli svenske.

Dette er rein løgn, meiner Sverigedemokraterna, og viser til at partileiaren sa at innvandrarar må få føresetnader til å bli svenske, til å passe inn i Sverige, men at dei styrande ikkje har gitt dei sjansen til det.

Pressemeldinga frå Sverigedemokraterna

– Passar ikkje inn

Jimmie Åkesson sa at årsaka til at så få innvandrarar er i jobb er at dei ikkje passar inn i det svenske samfunnet. SVT gjorde det klart at dei tok avstand frå ei slik generalisering av ei stor gruppe menneske.

Partiet bad tidlegare i dag SVT om å be om orsaking for det dei gjorde, men fjernsynskanalen gjorde det klart at dei står fast på det som vart sagt i går kveld.

Det var sterke reaksjonar også frå debattantane under partileiardebatten på korleis Jimmie Åkesson uttrykte seg. Annie Loof, som var ein av partileiarane som reagerte kraftigast på Åkesson, seier at det var feil av SVT å ta avstand frå fråsegnene hans.

– Det er feil å gi han offerrolla, seier ho til Expressen.

– SVT misbrukte rolla si

Mattias Karlsson

Mattias Karlsson blir rekna som den fremste ideologen i Sverigedemokraterna.

Foto: Maja Suslin/tt / NTB scanpix

Gruppeleiaren for Sverigedemokraterna i Riksdagen, Mattias Karlsson, seier til NRK i kveld at SVT i denne saka har misbrukt si rolle som ein uavhengig public service-kanal. Han samanliknar kanalen med Nord-Korea, og seier at Sverige kan verke som den siste sovjetstaten.

– Det var naudsynt for oss å boikotte SVT, vi ser veldig alvorleg på dette. Dei går ut og fordømmer det Jimmie Åkesson seier, sjølv om det er motstandarar der som kan seie han i mot. Dessutan har dei vridd på det han sa. SVT har misbrukt rolla si, seier Karlsson.

Han avviser at utspelet var ein planlagt provokasjon frå Åkesson si side.

VIDEO: Strid mellom Sverigedemokraterna og SVT

Reporter Petter Oulie-Hauge i forteller om reaksjonene i Sverige etter fredagens partilederdebatt på SVT. Debatten har fått store etterspill etter at SVT tok avstand fra en av Jimmie Åkessons uttalelser.

VIDEO: Petter Oulie-Hauge rapporterer frå Stockholm.

– NRK ville ikkje ha gjort det

Kringkastingssjef i NRK, Thor Gjermund Eriksen, seier at NRK aldri ville ha gripe inn i ein partileiardebatt på denne måten.

NRKs politiske kommentator Magnus Takvam seier at SVT ved å ta avstand frå det Åkesson sa, så har dei gitt han ein gåvepakke i slutten av valkampen . Åkesson har fått det akkurat som han ville, seier han.

Politisk kommentator Magnus Takvam.

VIDEO: – En gedigen gåvepakke

Disse kjemper om makten i Sverige

Kan Jimmie Åkesson bli statsminister i Sverige?

– Eg meiner dette er ei feil avgjerd av Sverigedemokraterna, som er eitt av dei større partia. Dei er velkomne på lik line med dei andre partia til å delta i valvaka til SVT. Eg kan berre beklage at dei har teke ei slik avgjerd, seier programsjef for SVT, Eva Landahl.

Ove Joanson, tidlegare toppsjef i Sveriges Radio, seier til Aftonbladet i kveld at det var feil av SVT å ta avstand frå fråsegnene til Jimmie Åkesson. Han meiner det er eit brot på kravet om å vere uavhengig.

Kritiske til SVT

NRK har i kveld snakka med fleire av tilhengjarane til Sverigedemokraterna på eit valmøte i sentrum av Stockholm. Dei er samstemde i at SVT har gått for langt i denne saka.

Leif Nilsson er klar på at det ikkje er SVT si oppgåve å ta avstand frå noko som blir sagt i ein debatt.

– Dei gjekk altfor langt, ein kan undre seg på om dette var noko SVT hadde planlagt på førehand, seier Leif han til NRK.

Susanne Andersen, meiner det er dumt at det Jimmie Åkesson sa fekk ei så hard vinkling, og ho meiner at SVT vrei på det partileiaren sa.

– Det var ikkje det Jimmie sa, det er ikkje det vi meiner. Dette var veldig trasig. Det er ikkje uvanleg at SVT har brodd mot Sverigedemokraterna, dei er ikkje objektive, seier ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt