Hopp til innhold

Jenter skal ha blitt dopa ned med sprøyte i Storbritannia

Sarah Buckle ana fred og ingen fare, så vart ho dopa ned ute på byen. No protesterer jenter over heile Storbritannia.

Sarah Buckley og handa hennar.

MISTA MEDVIT: Etter å ha blitt dopa ned på byen, låg studenten Sarah Buckle på sjukehus i ti timar.

Foto: Privat

Britiske media har dei siste dagane skrive om fleire tilfelle der personar skal ha blitt dopa ned, anten via drinken sin eller ved bruk av sprøyter.

Over 20 unge kvinner skal ifølgje Sky News ha blitt forsøkt dopa ned ved bruk av sprøyter med narkotika i på nattklubbar.

Dei unge studentane skal ha fått injeksjonar på utestadar i byar som Nottingham, Liverpool, Cardiff, Manchester, Leeds og Newcastle. Desse injeksjonane førte til at jentene opplevde eit tap av medvit og minnetap.

Andreårsstudenten Sarah Buckle i Nottingham fortalde til nyheitsstaden at ho låg på sjukehus i ti timar etter å ha blitt dopa ned på byen.

Medan ho var på sjukehus såg ho at eit blåmerke dukka opp på handa hennar. Ein sjukepleiar sa at det såg ut som om ho var blitt stukken av ei sprøyte.

Sarah Buckle fekk blåmerke, som tyder på at ho har blitt dopa ned gjennom ei sprøyte.

BLÅMERKE: Merket Sarah Buckle fekk etter å ha blitt dopa ned på byen, tyder på at ho har fått i seg dop ved på bli injisert med ei sprøyte.

Foto: Privat

– Eg blir kvalm og sint av å tenke på det, sa Buckle.

Til NRK seier Buckle at sidan saka framleis er under etterforsking kan dei ikkje vere sikker på om ho blei dopa ned gjennom drinken eller gjennom ei sprøyte.

Politiet er bekymra

Ein organisasjon for britiske politisjefar seier til The Guardian at det nesten har vore 200 tilfelle av personar som har blitt ufrivillig nedopa over heile Storbritannia dei siste to månadane.

Politiorganisasjonen seier dei fleste er unge kvinner.

– Dette er veldig urovekkande, seier visekonstabel Jason Harwin til avisa.

Harwin fortel at politiet samarbeider med fleire universitet og National Crime Agency for å få ei oversikt over omfanget.

Talet på personar som har blitt dopa ned i England og Wales, har stige med fleire enn 2600 tilfelle frå 2015 til 2019, skriv BBC. Men det er frykta fleire mørketal.

Underskriftskampanje

– Eg såg at fleire jenter hadde blitt dopa ned i Edinburgh der eg studerte, det skremte meg verkeleg at dette skjedde i ein by der eg hadde budd, sier Hannah Thomson.

Etter litt undersøking fann ho ut at det ikkje var noko lov som påla nattklubbane å sjekke folk før dei gjekk inn på utestadene.

Hannah Tompson

STARTA KAMPANJE: Hannah Thomson ynskjer å sette ein stoppar for at folk blir dopa ned når dei er ute på byen. Kampanjen ho starta har over 150.000 underskrifter.

Foto: Privat

Thomson vil ha eit lovpålagt krav for nattklubbar der dei må sjekke gjestar grundig ved inngang.

– Det er stor merksemd rundt dette no, og eg ser at fleire utestader har tatt det på alvor, men for at dette skal vare i framtida, må det bli regulert ved lov.

Difor har ho starta ein underskriftskampanje som har fått 168 177 underskrifter. Sidan kampanjen har over 100.000 signaturar må det britiske parlamentet vurdere om dei skal ta saka opp til debatt.

Thomson vil at det skal settast inn tiltak for å vareta sikkerheita til jenter å nattklubbar.

Ho foreslår ulike måtar dette kan løysast på, som gjennom kroppssøk, eller ved bruk av metalldetektor.

Fleire kampanjer over heile Storbritannia

KAMPANJE: Det har blitt oppretta fleire «Girls Night In»-kampanjar over heile Storbritannia. Alle ynskjer å sette ein stoppar for at folk blir dopa ned på nattklubbar.

Foto: Skjermbilde

Bli heime-kampanje

Fleire studentar frå forskjellige byar i Storbritannia har starta ein «Girls night in» – kampanje på Instagram der dei oppmodar kvinner til å boikotte klubbar den 27. og 28 oktober.

Dei gjer dette fordi dei ynskjer å vise at dei ikkje vil risikere eiga sikkerheit for å gå ut på byen. Dei ynskjer endring, og vil at nattklubbane skal ta eit større ansvar.

Ein av dei som skal delta i boikotten, er den britiske studenten Alice Newbound. Ho har lenge frykta å gå ut på nattklubb, fordi ho er redd for å bli dopa ned.

– Det er spesielt det å bli dopa ned av sprøyter som skremmer livet av meg, det er ingen måte eg kan unngå det på, nokon kan skubbe borti deg og sette ein injeksjon utan at eg merkar det.

Studenten Meghan Wilson skal òg vere med på kampanjen, ho har fleire venner som skal ha blitt dopa ned når dei har vore ute på byen. Wilson har trua på at boikotten kan vere med på å endre lovverket rundt dette.

– Eg håper at lovverket blir strengare, og at måten nattklubbar drivast på, endrast. Eg har òg sett at fleire nattklubbar har avlyst arrangement for å vise stønad til kampanjen. Forhåpentlegvis kan dette føre til positive endringar.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)