NRK Meny
Normal

– Kjem heim gravide etter å ha vore på seksuell jihad i Syria

Tunisias innanriksminister sa på eit møte i dag at mange tunisiske jenter har kome tilbake til heimlandet gravide, etter å ha delteke i det han kallar seksuell jihad i Syria.

Tunisias innanriksminister Lofti Ben Jeddo.

Tunisias innanriksminister Lofti Ben Jeddo vil slå ned på såkalla seksuell jihad.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Innanriksminister Lofti Bi Jeddo seier at 86 personar er arresterte for å ha etablert nettverk for å sende unge tunisiske ungdomar til Syria for å delta i jihad eller heilag krig. Jentene si oppgåve er å vere seksuelt tilgjengelege for opprørssoldatane, melder Al Arabiyah .

– Kjem tilbake med fruktene

– Kvar av dei tunisiske jentene blir brukte av mellom 20, 30 og 100 opprørarar, og dei kjem tilbake med fruktene av denne seksuelle kontakten. Vi kan ikkje berre sitje roleg å sjå på dette, sa Bin Jeddo i ein tale til nasjonalforsamlinga torsdag.

Han sa ikkje kor mange tunisiske jenter som har reist til Syria for å delta i denne forma for heilag krig, men tunisiske massemedium seier at det er snakk om fleire hundre.

Regjeringa har møtt sterk kritikk frå menneskerettsgrupper fordi 6000 unge jihadistar av begge kjønn har blitt nekta å reise til Syria sidan mars i år. Bin Jeddo brukte eksempelet om seksuell jihad for å slå tilbake mot desse menneskerettsgruppene.

– Prostitusjon

Alt i april i år gjekk den tidlegare stormuftien i Tunisia, Sheikh Othman Battikh, ut og åtvara om at unge tunisiske jenter vart lurte til å reise til Syria for å tilby seksuelle tenester til opprørssoldatane.

Stormuftien, som vart fjerna frå jobben sin kort tid etterpå, sa at det rette ordet for såkalla seksuell jihad, var prostitusjon.

I august i år sa generaldirektøren for offentleg tryggleik i Tunisia, Mostafa Bin Omar, at ei seksuell jihad-celle vart avslørt i den vestlege delen av landet, der Al Qaida-grupper står sterkt. Bin Omar sa også at islamistgruppa Ansar Shariah, som også har band til Al Qaida-nettverket, brukte mindreårige jenter til å tilby seksuelle tenester til dei mannlege jihadistane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt