Hopp til innhold

Stoltenberg snart ferdig i Nato: – Litt herleg, men også litt skummelt

For første gong på lenge veit ikkje Jens Stoltenberg heilt kva han skal gjere til vinteren.

Jens Stoltenberg i USA

Jens Stoltenberg (65) seier at ein aldri blir heilt ferdig i ein jobb som Nato-sjef. – Det å ta vare på fridomen er eit evig prosjekt, meiner han.

Foto: Anders Tvegård / Anders Tvegård

Denne veka har Jens Stoltenberg reist rundt i USA og Canada for å førebu NATO-toppmøtet, som blir halde i Washington om eit par veker.

Før Nato-sjefen tar helg (om ein kan det i den jobben) får NRK han på tomannshand.

Jens Stoltenberg intervjues av Anders Tvegård

Jens Stoltenberg møter NRK i Washington før han dreg tilbake til Europa etter ei heil veke i USA og Canada.

Foto: Sissel Kruse Larsen / NATO

Alliansen feirar 75 år på toppmøtet neste månad, men det er også fleire viktige avgjerder som skal takast.

Stoltenberg trekker fram vedtak om kollektivt forsvar, meir støtte til Ukraina og nærmare samarbeid med partnarar i Asia.

– Det er svære ting, seier han.

Denne veka har nordmannen møtt USAs president Joe Biden i Det kvite hus og vore på besøk i Ottawa og møtt den kanadiske statsminister Justin Trudeau.

Canadas statsminister Justin Trudeau tar i mot NATO-sjef Jens Stoltenberg

Canada er eit av Nato-landa som enno ikkje brukar to prosent av BNP på forsvar. Stoltenberg møtte statsminister Justin Trudeau i Ottawa onsdag.

Foto: NATO

Han samanliknar førebuingane til toppmøtet med å forhandle fram forlik og kompromiss på Stortinget og i regjering då han var statsminister.

– Det er den same tingen, ein må forstå kva som er viktig for ulike land. Denne veka har vi mellom anna fått på plass meir støtte til Ukraina, seier han.

Men det er framleis mykje arbeid som står att før toppmøtet i juli. Neste veke flyr han til Frankrike for å møte president Emmanuel Macron.

– Det er alltid vanskeleg å få på plass sterke økonomiske forpliktingar, så vi jobbar mykje med det, seier Stoltenberg.

Likevel er han trygg på at jubileet i Washington blir vellykka.

– Det vil bli god stemning, feiring og viktige vedtak, seier Stoltenberg til NRK.

Og kanskje kan han køyre på ekstra hardt no. For til hausten kan han endeleg senke skuldrene.

Stoltenberg hos Biden i Det hvite hus

USAs president Joe Biden sa at han skulle ynskje at Stoltenberg kunne sitte i ti år til som Nato-sjef.

Foto: Anders Tvegård / NRK

«Litt skummelt» med så mykje fridom

Første oktober i år er siste dag på jobb for Stoltenberg.

– Og så veit eg ikkje heilt kva eg skal, seier han til NRK.

Nato-sjefen røper at han kanskje har tenkt for lite på kva han skal finne på når han er ferdig.

For så lenge han leiar Nato, vil han halde fram å bruke all tida si på det.

– Eg får ein fridom eg aldri før har hatt i mitt liv. Det er både litt herleg, men også litt skummelt, seier Stoltenberg og trekker på smilebandet.

Han legg ikkje skjul på at overgangen kan bli brå.

– Andre oktober blir ein rar dag, der eg ikkje lenger har et viktig verv, ein viktig posisjon.

Bak seg har han ti år i Nato og før det igjen til saman nesten ti år som statsminister i Noreg, påpeikar han.

– Så det blir ein overgang, men eg må jo greie det òg.

Stoltenberg gler seg til å bruke meir tid med kona si Ingrid. Og meir tid i heimlandet.

– Sjølv om eg stortrivst i Brussel og på reise i Nato-land, er det i Noreg eg høyrer heime. Eg er glad i fjellet, Nordmarka, nordmenn og alt det kjente, seier han.

– Blir det ei bok om tida som Nato-sjef?

– Eg har tatt nokon notat. Å skrive om det ville vore veldig spennande, seier han, men understrekar at «det også vil bli tatt stilling til» når han er ferdig med jobben.

Trump

– Nato har samarbeidet godt med USA, og forholdet vårt er veldig godt, sa Trump da han og Stoltenberg stilte opp for fotografane i Det ovale kontor i 2018.

Foto: Evan Vucci / AP

Meiner Trump har gjort mykje bra for Nato

Til hausten er det presidentval i USA. Joe Biden, som Stoltenberg møtte denne veka, skal tevle mot Donald Trump, som nordmannen også har samarbeida tett med som Nato-leiar.

I vinter sa Trump at han ikkje nødvendigvis ville beskytte andre Nato-land om dei vart angripne, om dei ikkje bidrog nok til Nato.

Stoltenberg er likevel trygg på at USA vil vere ein «sterk NATO-alliert», uansett kven som vinnar valet.

Han meiner Trump ikkje først og fremst har kritisert Nato, men Nato-allierte for ikkje å bruke nok pengar på Nato.

– Og det har jo endra seg, seier Stoltenberg.

Denne veka kunne han melde at 23 land no bruker 2 prosent av BNP-et sitt på forsvar, som er dobbelt så mange som for fem år sidan.

Les også Trump: Vil oppfordre Russland til angrep på Nato-land som ikke bidrar nok

Donald Trump på valgkampmøte i Conway i Sør-Carolina 10. februar.

På spørsmål om Stoltenberg høyrde noko anna under vinterens utspel frå Trump, svarar Stoltenberg at det må vere klokkeklart at eit angrep på eit Nato-land utløyser eit svar frå heile alliansen.

– Når det er sagt jobba eg med Trump i fire år. Han har sin eigen stil. Ein kan vere ueinig i mykje av det han seier og gjer rundt klima og handel og andre ting. Men når det gjaldt Nato, så bidrog han som president til å få fleire amerikanske soldatar til Europa. Han stilte veldig sterke krav til Nato-allierte om å bruke meir pengar på forsvar, som var eit rimeleg krav, og no leverer europeiske allierte på det kravet. Han trappa også opp støtta til Ukraina, då han var president, seier Stoltenberg.

– Så eg er trygg på at trass i store politiske usemje om mange spørsmål når det gjeld Nato, så kjem det til å la seg handtere, seier Stoltenberg.

20240617-SG_POTUS-052.JPG

Stoltenberg reiser rundt for å samle støtte før toppmøtet. Han samanliknar førebuingane med å forhandle fram forlik og kompromiss på Stortinget.

Foto: NATO

– Eit evig prosjekt

Torsdag vart alle medlemslanda i Nato einige om at Nederlands tidlegare statsminister Mark Rutte er deira kandidat til ny generalsekretær.

I praksis betyr det at Rutte skal ta over Stoltenberg sin jobb.

– Mark Rutte kjem til å gjere ein strålande jobb, seier nordmannen.

Stoltenberg seier han kjenner Mark Rutte som ein god venn og ein god kollega frå då begge var statsministrar.

Han skildrar Rutte som ein politikar som veit korleis ein inngår kompromiss, og som ein avslappa og hyggjeleg fyr med humor

– Så han har dei eigenskapane som skal til for å ta Nato vidare. Og det er trygt og godt å overlate skuta til han, seier Stoltenberg.

Les også Motstander feid av banen – Mark Rutte eneste kandidat som Nato-sjef

NATO Rutte

Det har ikkje gått heilt etter planen. I fjor «forlenga han kontrakten» med Nato for tredje gong. På vegen har han mellom anna sagt frå seg «draumejobben» som sjef for Noregs Bank. Han vart eigentleg valt som sjef i Nato for fire år. Dette er hans tiande i sjefsstolen.

– Det er jo dessverre aldri slik at ein blir heilt ferdig i ein jobb som Nato. Det å ta vare på freden og å trygge sikkerheita, det er eit evig prosjekt. Så ein må gå frå borde, sjølv om det framleis er ugjorte oppgåver, seier Jens Stoltenberg.

SISTE NYTT

Siste nytt