NRK Meny
Normal

Jemen-opprørarar skaut rakett mot kongepalasset i Saudi-Arabia

Styresmaktene i Saudi-Arabia seier dei har skote ned ein rakett over hovudstaden Riyadh. Houthi-militsen i Jemen seier målet for angrepet var det kongelege palasset i byen.

Sentrum av Riyadh i Saudi-Arabia.

Det ballistiske missilet var på veg mot sentrum av Riyadh då det ifølgje saudiske styresmakter vart skote ned.

Foto: Faisal Al Nasser / Reuters

Dei iranskstøtta Houthi-opprørarane i Jemen har fleire gonger skote rakettar mot Saudi-Arabia, som svar på saudiarabiske flyangrep mot Houthi-mål i det borgarkrigsherja landet. Det saudiarabiske fjernsynet melder at det ikkje er meldt om skadar etter angrepet.

Det var like før klokka 12 i føremiddag at ein kraftig eksplosjon vart høyrt i Riyadh. Dette skjedde like før statsbudsjettet for 2018 skulle leggjast fram nettopp i Yamamah-palasset, som Houthi-opprørarane i Jemen seier var målet for angrepet.

Ein Houthi-talsmann seier at angrepet mot Riyadh i dag signaliserer eit nytt kapittel i konfrontasjonen med Saudi-Arabia.

Han gjer det klart at saudiarabiske palass, militære installasjonar og oljeanlegg er innanfor rekkevidda til rakettane deira.

Ballistisk missil

Houthi-opprøraar i Sanaa.

Houthi-opprørarar marsjerte i Sanaa i dag for å markere at det er 1000 dagar sidan Saudi-Arabia og allierte statar starta bombeangrepa mot dei.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Korrespondentane til nyheitsbyråa AFP og Reuters melde om ein kraftig eksplosjon og ei svart røyksøyle.

Raketten skal ha vore ein ballistisk missil. Saudiske styresmakter har ikkje sagt noko om kor langt frå palasset missilet vart skote ned. Yamamah-palasset er den offisielle bustaden til kong Salman. Houthi-opprørarane seier at målet for angrepet var ei «stor samling av saudiarabiske leiarar».

Ein offisiell saudiarabisk talsmann seier at raketten som vart skoten mot Riyadh, var «iransk-houthi», og at målet for angrepet var sivile område.

Saudi-Arabia skuldar Iran for å forsyne Houthi-militsen med våpen, noko styresmaktene i Teheran avviser.

Angrepet i dag er det andre mot Riyadh sidan 4. november. Det første angrepet hadde flyplassen som mål, men ifølgje saudiske styresmakter vart også dette missilet skote ned. Eit tredje missil vart skote ned i Assir sørvest i Saudi-Arabia tidlegare i haust.

– Iranske missil ein trussel

Ein talsmann for Houthi-militsen, Mohammed Abdul-Salam, seier at missilet som vart skote mot Riyadh var av typen Volcano H-2. Houthi-militsen er ei sjiamuslimsk opprørsgruppe, som har kontroll over store landområde i Jemen.

Rundt to timar etter rakettangrepet mot Riyadh melder TV-stasjonen Al Arabiya at den saudileidde koalisjonen har gjennomført nye luftangrep mot Houthi-mål i utkanten av den jemenittiske hovudstaden Sanaa.

Samstundes seier ein talsmann for koalisjonen at missil produserte i Iran er ein trussel mot både regional- og internasjonal tryggleiken. Talsmannen seier at Iran leverer rakettar og andre typar våpen til Houthi-militsen under dekke av å vere humanitær hjelp.

Kjøperen av verdens dyreste bolig avslørt

Sivile tap

Meldingane om angrepet mot Riyadh kjem same dagen som FNs menneskerettsorganisasjon opplyste at 115 sivile er drepne i saudiarabiske angrep mot Jemen i perioden frå 6.–12. desember.

Talsmann Rupert Colville er djupt uroa over auken i talet på sivile offer i luftangrepa mot Jemen. Saudi-Arabia leier ein koalisjon av arabiske land som sidan mars 2015 har retta flyangrep mot det som blir sagt å vere Houthi-mål.

Blant stadene som er ramma av angrep den siste tida er ein TV-stasjon som er kontrollert av Houthi-militsen, eit sjukehus i hamnebyen Hodeida ved Raudehavet og eit fengsel i Sanaa.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt