Dette opplyser
. Det er sjølvsagt strengt forbode å tenne bål i skogsområda på denne tida av året. Jegeren kan vente seg eit heitt møte med politi og rettsvesen, om han blir identifisert.Skogbrannen har herjet de enorme skogområdene ved nasjonalparken Yosemite siden 17. august.
Foto: Mike McMillan / ApForest Service håpar at den vidare etterforskinga vil føre dei fram til jegeren som ulovleg tende eit bål ute i skogen, og seinare ikkje sløkte elden skikkeleg etter seg.
Fem største i California
Brannen starta 17. august og har brent ned rundt 960.000 mål, noko som gjer han til den femte største i Californias historie. Flammane har herja i utkanten av Yosemite nasjonalpark, men verksemda i parken har berre i liten grad vore hindra av brannen.
På denne tida er det stor turisttrafikk i nasjonalparken, som er full av attraksjonar. Blant dei mest kjende er fjellformasjonen «El Capitan»
Pr. I dag er 80 prosent av brannen sløkt, men over 4000 brannfolk jobbar på harde livet for å sløkkje resten.
Ikkje marihuanaplantasje
Det har tidlegare vore spekulert i om at brannen kunne ha starta i ein illegal marihuanaplantasje, som det skal vere fleire av i dette området. Men Forest Service seier no at det ikkje er noko som tyder på at jegeren som starta brannen, er involvert i marihuanadyrking.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: