Hopp til innhold

Jarle flaug same ruta som ulykkesflyet berre timar før det styrta

Jarle Tronerud (42) frå Stavanger flaug den malaysiske flyruta kort tid før flyet styrta i Ukraina med 298 menneske om bord.

Styrta fly

Jarle Tronerud tok eit av dei aller siste bilda av flyet frå Malaysian Airlines som styrta i Ukraina torsdag.

Foto: Jarle Tronerud

Etter at NRK publiserte saken har det kommet fram at flyet Jarle satt på trolig var 9M-MRA, som flyr den samme ruta som 9M-MRD, flyet som styrtet i Ukraina den 17. juli.

Jarle Tronerud

Jarle Tronerud knipsa bildet av flyet berre timar før det styrta.

Foto: Privat
La ut bilde før flystyrt

Dette bildet blei lagd ut på Facebook av ein annan passasjer like før avgang.

Foto: Skjermdump fra Facebook
Flybillett med MH16

Billetten til Jarle Tronerud frå Kuala Lumpur til Amsterdam.

Foto: Privat

– Det er ekkelt og uverkeleg å tenke på, seier Tronerud til NRK.

Tronerud gjekk av flyet med rutenummer MH16 i Amsterdam saman med familien. Etter å ha fått på nye passasjerar og last, returnerte flyet mot Asia med rutenummer MH17.

På returen forsvann flyet frå radaren over det urolege Ukraina.

Etter kort tid kom meldingar om at flyet var skote ned, truleg av russiskvenlege separatistar i Aust-Ukraina.

Mistanken om at det er russiske separatistar som sto bak nedskytinga byggjer på at ein av dei skrøyt av at dei hadde skote ned eit fly dei trudde var frå det urkainske forsvaret.

Posta på Facebook

Ein nederlendar tok eit anna bilde på omtrent same tid og posta det på Facebook.

Han skreiv at «Om me forsvinn, ser flyet slik ut».

Jarle likar å ta bilde på feriane sine. På denne turen mangla han eit bilde av eit fly. Derfor fotograferte han det malaysiske passasjerflyet.

– Himmelen var fin og det begynte å bli morgon. Det var ingen annan grunn til at eg tok det bildet, seier han.

I går la han ut flybiletet sitt på Facebook då han var på jobb. Om lag klokka 16, før han skulle gå heim for dagen, tok han ein kikk på nyheitene.

Fekk ekkel mistanke

Då ser han at eit fly har styrta i Ukraina. Jarle fekk ei ekkel mistanke om at det var det same flyet han hadde vore om bord på.

– Eg sjekka litt rundt og følte meg ganske sikkert på at det var nettopp det flyet. Seinare fekk eg det stadfesta frå sikre kjelder. Det er klart det er spesielt, seier han til NRK.

Stavanger-mannen seier at han likevel ikkje er skremt frå å fly.

– Dette er ekstremt tilfeldig. Men ungane mine var opptekne av å få med seg nyheitene i dag, seier han.

– Alt i dag skal me ut og fly igjen. Då går turen til Aberdeen.

ALT OM: Flykatastrofen i Ukraina

Boeing 777 fra Malaysian airlines styrtet i Ukraina

SISTE NYTT

Siste nytt