Den japanske statsministeren Shinzo Abe sa torsdag at regjeringa ville be alle offentlege skular i Japan om å stenge 2. mars, og halde stengt til skuleferien som kjem i slutten av månaden.
Ifølgje det japanske utdanningsdepartementet vil tiltaket omfatte 12,8 millionar elevar ved 34.847 skular. Målet er å avgrense spreiinga av det nye koronaviruset.
– Regjeringa meiner barns helse og tryggleik er viktigare enn noko anna, seier Abe om tiltaket ifølge AFP.
Mange skular stengde
Om lag 900 personar er smitta av covid-19-viruset i Japan. Over 700 av de smitta var på det virusramma cruiseskipet «Diamond Princess» som ligg til kai i Yokohama. Til no har åtte personar mista livet i Japan som følge av utbrotet.
Ifølge nyheitsbyrået AP har Hokkaido-regionen allereie bestemt seg for å følge oppmodinga frå regjeringa, og stengde allereie torsdag dei 1600 offentlege skulane på øya. Denne regionen har no 54 stadfesta tilfelle.
I Osaka kjem blir alle skular og barnehagar stengde i to veker i eit forsøk på å få kontroll på viruset, skriv AFP.
Spent før sommar-OL
Det har blitt viktig for japanske styresmakter å få kontroll på viruset, blant anna fordi dei skal arrangere OL i Tokyo til sommaren.
Klokka tikkar nedover mot opningsseremonien 24. juli, men dersom dei ikkje får tilstrekkeleg kontroll, står arrangementet i fare for å bli avlyst.
IOC har ikkje teke stilling til om leikane kan gjennomførast. Det kjem blant anna an på korleis Japan klarer å få kontroll på viruset. Men mangeårig IOC-medlem Dick Pound seier til AP at viruset kan vere med å velte arrangementet.
– Slik smitte er det største trugsmålet mot leikane om ein ser bort frå krigføring, seier han, samtidig som han poengterer at han ikkje uttalar seg på vegner av IOC.