NRK Meny
Normal

Japan til G7-møte med håp om klimaavtale

G7-landa bør sette eit felles mål for utsleppskutt av klimagassar, meiner regjeringa i Japan. I dag fortset møta mellom sju av verdas mektigaste industriland i Tyskland.

G7-leiarane i ein åker

«Eg trivst best i opne landskap.» Kanskje er det denne songen Shinzo Abe (til venstre), Barack Obama (i midten) og dei andre leiarane i G7-gruppa syng når dei no samlast i Bayern. Der kan utsleppskutt bli eit sentralt tema.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

Demonstrantane har vore mange i Bayern dei siste dagane. Dei meiner mykje, og er misnøgde med mangt, men ein av hovudparolane er at verda no må gjere noko med klimautfordringane som ein står overfor.

Mogleg klimaavtale mellom G7-land

Og dei sju mektige industrilanda som no er samla i den tyske delstaten må gå føre, meiner demonstrantane.

Statsleiarane frå Italia, Frankrike, Tyskland, Storbritannia, USA, Canada og Japan kom i går til Bayern for å vere med på det internasjonale toppmøtet som varer fram til i morgon.

GERMANY-G7-SUMMIT-DINNER

Leiarane i G7-landa kom i går til Bayern, der dei skal snakke om sentrale og globale tema dei neste to dagane.

Foto: Stephen CROWLEY / Afp

Og sistnemnde land meiner at ein klimaavtale bør bli ein del av møta dei neste dagane. For ifølgje nyheitsbyrået Reuters så har ein talsmann for den japanske statsministeren Shinzo Abe antyda at landa kjem til å ta stilling til eit felles mål om kutt i klimautslepp.

Tidlegare har mange antatt at Japan og Canada ville vere skeptiske til ei klimapolitisk samarbeid mellom dei sju stormaktene.

Russland, handelsavtaler og islamisme

Tyskland og Frankrike, som skal vere vertskap for det store klimamøtet i Paris i desember, har tidlegare teke til orde for eigne G7-mål om reduksjon i utslepp. Dei meiner også at G7-landa må samarbeide om å finansiere tiltak som kan bidra til reduserte klimautslepp.

Også USAs president, Barack Obama, nemnde klimaendringar som eit viktig punkt då han i går kom til Garmisch-Partenkirchen.

I tillegg ville «Russlands aggresjon i Ukraina», transatlantiske handelsavtaler, styrking av den europeiske union og religiøs ekstremisme bli tema under G7-møtet.

Russland har ikkje vore med i G7-gruppa på over eit år. Før gjekk gruppa under namnet G8, men etter at Russland annekterte Krim er det redusert til ei G7-gruppe.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt