Hopp til innhold

Janukovitsj sparkar sjefen for hæren

Ukrainas president Viktor Janukovitsj har sparka sjefen for dei væpna styrkane i landet etter den omfattande uroa i landet siste døgnet, melder BBC.

Det er ikkje oppgitt nokon grunn til at general Volodymyr Zamana har fått sparken, men han har tidlegare åtvara presidenten mot å bruke hæren mot demonstrantane. Derfor har skiftet ført til auka frykt for at hæren verkeleg kan bli sett inn mot demonstrantane på Sjølvstendeplassen.

Zamana blir erstatta av sjefen for den ukrainske marinen, admiral Jurij Ilijin.

Hans-Wilhelm Steinfeld med oppdatering fra Kiev

VIDEO: Hans-Wilhelm Steinfeld frå Kiev.

NRK-korrespondent Hans Wilhelm Steinfeld er i sentrum av Kiev i kveld. Han seier det er forholdsvis roleg på Sjølvstendeplassen, men at det har gått rykte om at det skal vere aktuelt å sende den 25. fallskjermdivisjon til Kiev. Det kan gjere situasjonen endå meir alvorleg, seier han.

Han fortel også at leiaren for det ukrainske parlamentet i kveld har samla alle fraksjonsleiarane til møte, i håp om å kunne kome fram ein avtale som kan få slutt på krisa.

– Fare for borgarkrig

Den avsette hærsjefen Volodymyr Zamana.

General og hærsjef Volodymyr Zamana vart avsett av presidenten onsdag.

Foto: INNA SOKOLOVSKAYA / Afp

Hans-Wilhelm Steinfeld minner om at det meste av den ukrainske hæren er stasjonert i den vestlege delen av landet, der også støtta til demonstrantane er sterkast. Skulle soldatane få ordre om å aksjonere mot demonstrantane, så spørst det kor lenge lojaliteten kan vare, seier han. Det kan også vere motsetnader mellom hæren og tryggingsstyrkane.

– Der ligg konflikten og også faren for borgarkrig, legg Steinfeld til.

Han kallar avgjerda om å sparke forsvarssjefen for ei desperat handling.

Sjefen for det ukrainske tryggingspolitiet SBU sa ettermiddag at dei har starta ein landsomfattande antiterroraksjon. Sjefen for SBU, Oleksandr Jakimenko, gjer det klart at dei vil gå til aksjon over heile Ukraina. Det er uklart kva som ligg i dette, men det kjem stadig nye meldingar om at uroa i Kiev har spreidd seg til andre kantar av landet, melder Kyev Post .

– Ein verkeleg trussel

– Radikale og ekstreme grupper utgjer ein verkeleg trussel mot millionar av ukrainske liv. Presidenten er orientert om operasjonen, og tryggingstenesta vil samarbeide med hæren for å styrkje grensene og for å halde oppe ro og orden, seier Jakimenko.

Ein talsmann for Forsvarsdepartementet seier i kveld at hæren kan bli sett inn i antiterroraksjonen.

Ukrainas nye hærsjef Jurij Ilijin.

Den nye forsvarssjefen i Ukraina, Jurij Ilijin. Han har bakgrunn frå marinen.

Foto: Vasiliy BATANOV / Afp

NATOs militære toppsjef i Europa, den amerikanske generalen Philip Breedlove, åtvarar i kveld dei ukrainske leiarane mot å setje inn hæren mot sitt eige folk. Han ber den nye leiaren for den ukrainske hæren om å gå i dialog med NATO og EU.

Flyfoto av sentrum av Kiev.

Flyfoto av Sjølvstendeplassen i Kiev i ettermiddag. Staden er framleis fullpakka av demonstrantar.

Foto: HO / Afp

LES OGSÅ: Demonstranter nekter å gi seg: – Dette er allerede en borgerkrig

– Forsøk på statskupp

Ein demonstrant samlar steinar til bruk mot politiet.

Ein demonstrant samlar steinar til bruk mot tryggingsstyrkane på Sjølvstendeplassen i Kiev.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

SBU meiner det er gjort forsøk på statskupp i landet, og at dei har innleidd etterforsking av «dei illegale handlingane til visse politikarar med sikte på å gripe statsmakta». Tidlegare på dagen kom Ukrainas fungerande statsminister med dei same skuldingane.

Terrortrusselen er auka til høgste nivå i heile landet. 26 menneske er drepne i gatekampane i Kiev, medan over 1000 skal vere såra. 263 demonstrantar og 342 politifolk er innlagde på sjukehus med alvorlege skadar. Minst 10 av dei drepne er politifolk.

Styresmaktene seier at politimennene er skotne, og at det er mykje skytevåpen blant demonstrantane. Folk strøymer framleis til Sjølvstendeplassen i ettermiddag for å, som dei seier, «forsvare revolusjonen».

LES OGSÅ: – Janukovitsj har blod på hendene

LES OGSÅ: Se bildene fra Kiev 19. februar

Urix direkte kl. 2210 om Ukraina.

Krigssone

Sjølvstendeplassen i sentrum av Kiev ser ut som ei krigssone. Svart røyk sviv opp frå brannane på staden, og leiarane for opposisjonen seier det ikkje er snakk om å trekkje seg tilbake. Tvert i mot oppmodar dei folk til å kome til plassen .

Det vart i ettermiddag meldt at demonstrantar har teke kontroll over hovudpostkontoret i Kiev. Aktivistar tok seg inn i posthuset etter at det som tidlegare hadde vore hovudkvarteret deira, brann ned i natt.

Rundt 1500 våpen er stolne frå eit forsvarslager i byen Ivano-Frankivsk. I byen Lviv heilt vest i landet har demonstrantar framleis kontroll over fleire politistasjonar. Ikkje stadfesta meldingar seier at tilhengjarar av opposisjonen no kontrollerer fleire område i landet.

Den opposisjonsvenlege fjernsynsstasjonen Kanal 5 har i kveld vist bilete av såkalla titusjki, ungdomsgjengar som støttar regjeringa, medan dei med hjelmar og køller går laus på fredelege demonstrantar og journalistar i hamnebyen Odessa ved Svartehavet. Politiet har ikkje gripe inn.

Mikhailovski-katedralen i Kiev.

Mikhailovski-katedralen tener som fristad for demonstrantane, og mange såra får behandling der.

Foto: STRINGER / Reuters

LES OGSÅ: – Demonstrantene gjør skam på landet

LES OGSÅ: Brende: Reagerer sterkt på volden

– Semje om sanksjonar

Ved 16.15-tida sa den polske viseutanriksministeren, Serafin, at det no er semje blant medlemslanda i EU om at dei kan innføre sanksjonar mot enkeltpersonar i det ukrainske regimet. Samstundes er det klart at utanriksministrane frå Frankrike, Tyskland og Polen reiser til Kiev torsdag for å møte representantar både for opposisjonen og regjeringa.

Deretter vil dei tre utanriksministrane reise tilbake til Brussel for å delta på eit ekstraordinært utanriksministermøte. På dette møtet vil det bli teke ei avgjerd om det skal setjast i verk sanksjonar mot Ukraina.

Storbritannias statsminister David Cameron seier i ein kommentar i kveld at han tek avstand frå bruk av vald frå alle sider i Ukraina, men at president Viktor Janukovitsj har eit spesielt ansvar for å få slutt på valdsbruken. Det kan han gjere ved å trekkje opprørspolitiet ut av Sjølvstendeplassen, seier han. Cameron strekar under at heile verda no følgjer Janukovitsj sine handlingar.

I ei fråsegn frå Det kvite hus i Washington heiter det at dei følgjer situasjonen i Ukraina nøye, og at dei vil diskutere eventuell innføring av sanksjonar med EU. Samstundes ber Russland EU om å presse den ukrainske opposisjonen til å samarbeide med styresmaktene.

Resultatlause møte

Det har vore fleire møte mellom opposisjonsleiarane og president Viktor Janukovitsj det siste døgnet, men utan at dei har vorte samde om noko som helst. Janukovitsj krev at demonstrantane må fjerne seg frå Sjølvstendeplassen, medan opposisjonen ikkje vil gi seg før Janukovitsj går av.

Opposisjonsleiarane har likevel gått ut med ei oppmoding til demonstrantane om å unngå handlingar som kan føre til at opprørspolitiet brukar vald.

LES OGSÅ: Janukovitsj: – Demonstrantene har gått over grensen

LES OGSÅ: Hovudkvarteret til opposisjonen i brann

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt