Hopp til innhold

Jane Birkin krev at Hermès døyper om ikonisk veske

Sidan 1984 har Hermès si Birkin-veske vore ei av dei mest eksklusive veskene i moteverda. Men etter at detaljar om produksjonen vart kjent, vil kvinna som var inspirasjonen til veska at dei døyper den om.

Hermes Birkin bag

Kvinna som Birkin-veska er kalla opp etter krev no at Hermès døyper om varianten av krokodilleskinn, etter avsløringar.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Den handlaga veska frå det 178 år gamle motehuset Hermès symboliserer rikdom og luksus, og har vore populær blant kjendiskvinner over heile verda sidan den kom i 1984.

Veskene får du kjøpt for kring 80 000–2 000 000 norske kroner, skriv avisa The Telegraph.

Jane Birkin

Jane Birkin krev at Hermès skiftar namn på dei eksklusive Birkin-veskene sine.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp

Den kjem i ulike typar skinn, blant anna frå struts, øgler, kalv, alligator og krokodille. Den dyraste varianten er laga av skinnet frå saltvatn-krokodiller. Og det er desse som har fått songarinne og skodespelar Jane Birkin til å sjå raudt, ifølgje avisa.

– Flår krokodiller levande

Dyreverngruppa Peta (People for the Ethical Treatment of Animals) hevdar å ha funne ut av den brutale framgangsmåten om korleis veska vert laga, ved å plassere to medlemmar på ein farm i fjor, ifølgje The New York Times.

Dei har publisert ein video dei hevdar er dokumentasjon frå krokodillefarmar frå Texas og Zimbabwe, som viser at arbeidarane legg krokodilla på eit bord, køyrer ein skalpell ned i ryggrada, og riv den ut medan krokodilla framleis er i live, ifølgje rapporten.

Ifølgje organisasjonen treng ein tre krokodiller for å lage éi veske.

Birkin bag

Ei Birkin-veske i krokodilleskinn til over 1 million norske kroner blir vist fram for pressa i 2007.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / Afp

– Døyp den om til de har endra praksisen

– Etter at eg vart varsla om den grufulle praksisen overfor krokodiller under slakting, for så at Hermès lagar veska som ber mitt namn, har eg bede Hermès om å døype om krokodilleskinn-varianten fram til dei finn ein slaktemåte som er i tråd med internasjonale normer, seier Birkin i ei pressemelding.

Hermès seier til The New York Times at dei krev at deira leverandørar har dei beste forholda på farmane sine. Dei vil no sjå på saka.

Fekk namnet etter tilfeldig møte

BIRKIN GAINSBOURG

Jane Birkin i lag med ektemannen Serge Gainsbourg, fotografert på Heathrow i London i 1977. Fire år seinare skulle ho verte inspirasjonen til ei av verdas mest eksklusive vesker.

Foto: Ap

Hermès sin Birkin-modell stammar frå eit tilfeldig møte mellom den kjende skodespelaren og songarinna Jane Birkin og Hermès-sjef på det tidspunktet, Jean-Louis Dumas på eit fly.

Historia seier at Birkin stadig mista ting ut av veska si, og Dumas meinte at ho burde ha ei veske med lommer. Birkin svara at ho hadde vanskar med å finne ei ho faktisk likte, skriv Wikipedia. I 1984 var den første Birkin-veska ferdig.

SISTE NYTT

Siste nytt