Hopp til innhold

Jamt resultat og vegen er heilt open!

Sosialdemokratane er den store vinnaren og kristendemokratane er den store taparen. Begge leirar vil danne regjering, men det er småpartia som sit med nøkkelen.

Valg i Tyskland
Foto: Martin Meissner / AP

Kristendemokratane seier no at dei vil gje Sosialdemokratane første sjanse til å danne regjering. Men legg til at dei står klar om dette ikkje fører fram.

Scholz og Sosialdemokratane har gjort eit brakval samanlikna med det som var forventa. For berre nokre månadar sidan låg dei og vaka på 14 %.

Dette er symbolsk viktig for Scholz som har ambisjonar om å bli den «nye Merkel».

Kristendemokratane har gjort sitt dårlegaste val gjennom tidene, og skal kanslarkandidat Armin Laschet overleve politisk må han levere ei regjering. Det er desperate tider hjå unionspartia CDU/CSU.

hIJoep5uEbE

Armin Laschet registrerar at Kristendemokratane har gjort sitt dårlegaste val nokonsinne (førebels 24,1 %). Førre lavmål var i 1949 (31%) under Konrad Adenauer. Det var det første tyske valet etter krigen.

Foto: Sebastian Gollnow / AP

Det som gjer forhandlingane krevjande er at ein for første gang skal prøve å stable på beina ein koalisjon med tre parti.

Jamaica mot trafikklys

Det er to koalisjonar som no utpeikar seg som dei mest sannsynlege. «Jamaica» og «trafikklys». Desse namna kjem etter fargane til partia som likna nettopp på flagget til Jamaica (svart, grøn, gul) og fargane i eit trafikklys (raud, gul, grøn).

Jamaica: Kristendemokratane (svart), Dei Grøne og det liberale FDP (gul).

Trafikklys: Sosialdemokratane (raud), Dei Grøne og liberale FDP (gul).

Det som talar for «trafikklys» er at Dei Grøne står nærare Sosialdemokratane politisk. Det har vore tydeleg i dei siste debattane. Det er også dei som vil ha flest representantar i Forbundsdagen.

Dei Grøne sin partileiar Annalena Baerbock seier at det viktigaste for henne er ein koalisjon med ein tydeleg miljøprofil.

jFI6n0B4jTg

Kanslarkandidaten til Dei Grøne, Annalena Baerbock, vil helst samarbeide med Scholz. Men kan ho bli freista av eit godt tilbod frå CDU?

Foto: DAVID GANNON / AFP

FDP vil ha møte med Dei Grøne

Det liberale partiet seier at det første som må skje er eit møte med Dei Grøne. Dette fordi det er dei to partia som står lengst frå kvarandre politisk.

Så vil dei avvente ein invitasjon frå dei to største partia.

Partisjef Christian Lindner drøymer om å bli finansminister og vil nok selje seg dyrt for å få den viktige posten.

Han har allereie byrja så tvil om «trafikklyset.» Er det eit forhandlingsutspel? Ein veit aldri heilt med Lindner.

nQaiEnDQTWw

FDP leiar Christian Lindner kan bli jokeren, men vil han få finansministerposten?

Foto: Michael Probst / AP

Resultatet vil nok vere langvarige forhandlingar, og kommentatorar i Berlin byrjer allereie å spøke med at Angela Merkel kanskje må halde årets nyttårstale! Ho går ikkje av før det kjem ei ny regjering.

Det kan også hende at forhandlingane bryt saman, og dei store partia finn saman igjen. Men Sosialdemokratane har tapt status og oppslutning ved å vere veslebror i storkoalisjonen der Angela Merkel har dominert.

Pragmatiske Merkel har teke eigarskap til mange av dei klassiske sosialpolitiske områda som har vore kjernesakene til SPD.

Må distansere seg frå CDU

For Scholz no handlar det om å distansere seg frå CDU, slik at partiet hans igjen kan få ein tydeleg profil.

Olaf Scholz

Tankefull Scholz under valvaken. Førebels resultat er 25,8 %.

Foto: Maik Reichert / NRK

Det er også framleis teoretisk mogleg å danne ei mindretalsregjering med det sosialistiske partiet Die LInke og Dei Grøne.

Men det er ikkje tradisjon for mindretalsregjeringar i Tyskland.

Og Die Linke er uglesett på grunn av Nato motstand og ikkje minst fordi dei har røtene sine i det gamle kommunistpartiet frå DDR-tida.

Til sist er det kanskje personlegheitene det står på. Litt slik vi har sett i valkampen.

Og der har det for alvor blitt klart at Olaf Scholz er ein dreven pokerspelar med ein plan for å ta over etter Angela Merkel.

Meiningsmålingane har vist lenge at han er den mest populære kanslarkandidaten i Tyskland.

SISTE NYTT

Siste nytt