Hopp til innhold

Jaktar terrormedhjelparar i Frankrike

Fransk politi har ikkje tatt fri etter gårsdagens maratondag. No jaktar dei kjæresten til den eine terroristen, og sjekkar samstundes om det kan ha vore andre medhjelparar.

Terrormistenkte i Paris

Hayat Boumeddiene skal framleis vere etterlyst av fransk politi. Fleire medium spekulerer i om ho vart drepen, eller om ho flykta då politiet gjekk til aksjon i den jødiske butikken - eller om ho i det heile tatt var i butikken.

Foto: - / Afp

Hayat Boumeddiene er no Frankrikes mest etterlyste person. Ho var kjærasten til Amedy Coulibaly, som stod bak angrepet mot ein jødisk butikk, samt drapet på ei politikvinne.

Sjekkar moglege samarbeidspartnarar

Det er framleis uklart kva rolle Boumeddiene hadde i angrepa. Nokre medium melder at ho også var i den jødiske butikken, og at ho saman med Coulibaly vart drepen då politiet storma butikken. Andre skriv at ho flykta, medan fleire skriv at ho ikkje var i butikken i det heile tatt.

Politiet meiner Boumeddiene var saman med Coulibaly då ei politikvinne vart drepen torsdag, og ho er sagt å vere «væpna og farleg».

FRANCE-SHOOTING/ The message "Paris is Charlie" is projected on the Arc de Triomphe in Paris

Klar melding på triumfbyen i Paris. Paris er Charlie, er meldinga som er til minne om dei drepne ved kontoret til Charlie Hebdo.

Foto: YOUSSEF BOUDLAL / Reuters

Også andre moglege samarbeidspartnarar til dei tre drepne gisseltakarane vert etterforska av fransk politi. Coulibaly og dei to brørne skal ha kjent kvarandre godt, og ein av brørne var på terrortrening hos Al Qaida i Jemen i 2011.

Med andre ord er det grunn til å tru at gjerningsmennene har kontaktar som vil vere interessante for politiet.

Så langt har 16 personar blitt tekne inn til avhøyr av politiet i samband med terrorangrepa. Fleire av dei er i familie med Kouachi-brørne, mens to andre skal vere i slekt med Coulibaly. Ifølge Le Monde vert fem av dei framleis haldne i politiets varetekt, ein av desse er kona til ein av Kouachi-brødrene.

Hollande: – Ber alle vere på vakt

FRANCE-ATTACKS-CHARLIE-HEBDO-HOLLANDE

President François Hollande ber alle franskmenn om å vere på vakt.

Foto: REMY DE LA MAUVINIERE / Afp

François Hollande talte i går til det franske folk, og bad då franskmenn om å stå med rak rygg og bidra til samhald. Samstundes understreka han at trugselen framleis ikkje er over, sjølv om dei to gisselaksjonane er over.

– Eg vil be alle om å vere på vakt, men også til å halde fram med å vere sameinte og til å mobilisere saman. Å vere sameinte er vårt beste våpen. Då kan me vise at me er klare til å kjempe mot alt som kan dele oss, slik som rasisme og antisemittisme, sa Hollande i ein tale til det franske folk i går.

– For dårleg tryggleik

Frankrikes statsminister, Manuel Valls, innrømte i går at tryggleiken i landet hadde vore for dårleg fram til no.

– Om 17 menneske døyr, så betyr dette at det har vore sprekkar i tryggleiken, sa Valls som meiner etterretningsarbeidet har vore for slakt.

Søndag er det planlagd ei store minnemarkering i Paris, til minne om alle ofra etter terrorangrepa denne veka. Det er venta at fleire hundre tusen menneske vil møte opp på markeringane, deriblant fleire europeiske statsleiarar.

SISTE NYTT

Siste nytt