NRK Meny
Normal

Jaktar på fleire iranske bombemenn i Thailand

Thailandsk politi jaktar på to nye iranske menn i etterforskinga av det mislukka terrorforsøket mot israelske diplomatar i Bangkok sist tysdag. Det er stor frykt for nye angrep.

Mistenkte iranske bombemenn i Bangkok.

Overvakingsbilete av tre av dei mistenkte iranske bombemennene. To av dei er pågripne.

Foto: Ap

Iranske Mohammad Khazaei (42) er ein av dei pågripne i Bangkok.

Mohammad Khazaei prøvde å kome seg ut av Thailand, men vart pågripen på flyplassen i Bangkok.

Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / Reuters

Terrorforsøket var mislukka, truleg fordi ei bombe gjekk av ved eit uhell inne i huset bombemennene hadde leigd i sentrum av Bangkok.

Ein av dei nye mistenkte er 52 år gamle Nikkhafard Javad, som skal ha blitt sett då han forlet huset nokre timar før det small. Ifølgje thailandske aviser skal han vere bombeekspert.

Samstundes har thailandske styresmakter skjerpa beredskapen ved dei seks internasjonale flyplassane i landet etter ei åtvaring frå israelsk etterretning. Det er også høgare beredskap ved togstasjonar og i lokaltrafikken i Bangkok. I går vart beredskapen auka ved ambassadar og turistområde.

Miste begge beina

To andre sprang ut av huset etter eksplosjonen. Ein av dei, 28 år gamle Saeid Moradi, miste begge beina då han prøvde å kaste ein eit eksplosiv mot ein politibil. Ein annen som flykta frå huset, Mohamad Khazaei, vart pågripen av politiet på flyplassen då han prøvde å kome seg med eit fly til Malaysia.

Bombeeksplosjon i Bangkok i Thailand.

Saeid Moradi, som ligg hardt skadd på fortauet, miste begge beina då bomba han bar på seg eksploderte.

Foto: HANDOUT / Reuters

Ei iransk kvinne, som står som leigetakar av huset i Bangkok der bombemennene heldt til, er også ettersøkt, men ho har truleg kome seg ut av landet og heim til Iran.

Thailand har også bede nabolandet Malaysia om å utlevere ein iransk mann, som vart arrestert i landet i samband med det som skjedde i Bangkok tysdag. Mannen, Masoud Sedaghatzadeh, vart pågripen på flyplassen i Kuala Lumpur då han prøvde å kome seg til Iran.

Ferierte i Pattaya

Politiet har også slått fast at tre av dei mistenkte oppheldt seg i turistbyen Pattaya nokre dagar sist veke, og at dei budde på tre ulike hotell. Politiet har greidd å spore opp ei kvinne, kjend som «Nancy», som skal ha vore saman med ein av mennene under opphaldet der.

Bombeeksplosjon i Bangkok i Thailand.

Huset dei iranske bombemennene oppheldt seg i vart sterkt øydelagt i ein bombeeksplosjon sist tysdag.

Foto: KEREK WONGSA / Reuters

Ein politioffiser seier at dei har funne bilete på mobiltelefonen hennar av dei tre mennene saman, som viser at dei kjende kvarandre. Pattaya ligg ein rundt to timar lang køyretur frå Bangkok, og byen er kjend for det heftige nattelivet og dei mange prostituerte.

Øvste leiaren for politiet i Thailand, Phrewphan Damapong, seier at israelske diplomatar var målet for dei iranske bombemennene. Iranske styresmakter har avvist at dei har noko med bombene å gjere, og Hizbollah-geriljaen i Libanon nektar også for å ha noko med det mislukka terrorangrepet å gjere.

Fleire ambassadeangrep

Bombeangrep i Bangkok i Thailand.

Thailandsk politi seier at dei iranske bombemennene eigentleg var ute etter å ramme israelske diplomatar.

Foto: NICOLAS ASFOURI / Afp

Bombeforsøket i Bangkok blir sett i samanheng med angrepa mot israelske ambassadetilsette i New Delhi i India og i Tbilisi i Georgia sist måndag.

Ein kvinneleg tilsett ved den israelske ambassaden i New Delhi vart alvorleg skadd i eit bombeangrep mot bilen ho sat i, medan eit bombeangrep mot ein israelsk ambassadebil i Tbilisi vart avverja.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu er ikkje i tvil om at det er iranske styresmakter og Hizbollah-militsen i Libanon som står bak bombeangrepa. Han kallar Iran for «den mest uansvarlege staten i verda».

Terrorberedskap

Det har vore høg beredskap av frykt for terrorangrep i Bangkok sidan midten av januar. Då vart ein libanesisk mann knytt til Hizbollah pågripen, mistenkt for å vere i ferd med å planleggje eit terrorangrep retta mot turistar eller andre utlendingar. Pågripinga skjedde etter eit tips frå amerikansk etterretning.

Amerikanske styresmakter meiner terrorfaren i Bangkok enno ikkje er over.

Politimenn på flyplassen i Bangkok.

Beredskapen på flyplassen i Bangkok er heva av frykt for terrorangrep.

Foto: Sakchai Lalit / Ap

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt