NRK Meny
Normal

Jahn Otto Johansen er død

Journalisten og forfattaren Jahn Otto Johansen er død, 83 år gammal. Han blei innlagd på sjukehus fredag, og døydde om kvelden 1. januar, med familien rundt seg.

Jahn Otto Johansen

Jahn Otto Johansen er død.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Jahn Otto Johansen er fødd 3. mai i 1934 i Porsgrunn. Han har ei lang karriere bak seg i norsk presse og kringkasting, som reporter, kommentator, korrespondent – og i leiande stillingar.

– Stor fornyar og kunnskapsformidlar

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen kallar Jahn Otto Johansen ein stor fornyar.

Hør dette klassiske korrespondentbrevet fra Jahn Otto Johansen

Sjå bilete frå Jahn Otto Johansens liv, og høyr korrespondentbrev frå Berlin 01.11.1997.

– Han tok journalistikken over i nye arenaer, ut på barane, på strendene, til stader der vanlege folk var. Han snakka med folk, ikkje berre til folk, seier Eriksen.

Kringkastingssjefen trekkjer også fram Johansen si evne til historieformidling.

– Han formidla kunnskap til folket gjennom å fortelje historiene til folk slik dei lever. Han var ein sann folkeopplysar, seier Eriksen.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland trekkjer fram Jahn Otto Johansen si formidlingslyst i ein kommentar på Twitter.

– Bøkene og minna vil leve vidare, skriv ho.

Laster Twitter-innhold
Jahn Otto Johansen ledet Utenriksmagasinet en lang periode

Jahn Otto Johansen i Utenriksmagasinet i 1995.

Jahn Otto Johansen skrev om utenrikspolitikk helt frem til siste slutt (artikkelen fortsetter under):

Starta i Morgenposten

Etter å ha vore innom Porsgrunns Dagblad og Varden i Skien, starta Johansen som utanriksmedarbeidar i Morgenposten i 1956. Han arbeidde der fram til han fekk sin første jobb i NRK ti år seinare, som sjef for Dagsrevyen sin utanriksredaksjon.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

I 1975 var Jahn Otto Johansen på plass som NRK-korrespondent i Moskva. Opphaldet der blei kortare enn planlagt, for allereie to år seinare takka han ja til tilbodet om å bli sjefredaktør i Dagbladet. Det var ein jobb han delte med Arve Solstad.

Johansen, Jahn Otto og Solstad, Arve

Redaktørduoen i Dagbladet–Jahn Otto Johansen og Arve Solstad.

Foto: Tom A. Kolstad / Aftenposten

– Fargerik journalist og redaktør

– Då han kom til Dagbladet var han rekna som ein av dei største kapasitetane i landet på utanriksstoff. Ved sida av dei analytiske evnene, han hadde nærast revolusjonert fjernsynsjournalistikken på utanriksområdet. Den måten han kom i prat med vanlege folk på, opna heilt nye perspektiv for publikum, seier ansvarleg redaktør i Dagbladet, John Arne Markussen.

– Han var ein fargerik journalist og redaktør – matglad, konstant sigarrøykjande, og interessert i kultur og kunst. Eg trur ikkje eg har vore borti eit mediemenneske med større arbeidskapasitet. Han var tidleg oppe, og hadde skrive både ein kommentarar før vi andre kom på jobb, seier Markussen.

Jahn Otto Johansen blir sjef i Dagbladet - Intervju i NRK, 1977

Reporter, korrespondent og sjef

I 1984 var Johansen tilbake i NRK, først som utanrikskommentator. Vel eit år seinare drog han til USA, som korrespondent i Washington, D.C. Etter fem år der, gjekk han inn i jobben som utanrikssjef i Dagsrevyen igjen, ei stilling han hadde fram til 1995.

Deretter tok han fatt på sin tredje og siste korrespondentjobb, denne gongen i Berlin. Det blei fem år også der.

Utanriksmedarbeidar Tomm Kristiansen har jobba i mange år saman med Jahn Otto Johansen.

Utanriksmedarbeidar Tomm Kristiansen om tidlegare kollega Jahn Otto Johansen.

– Det som står igjen etter Jahn Otto Johansen er forteljargleda og at han var så kunnskapsrik. Han var ein elegant mann, men samtidig var han ein møkkete fiskar som heldt til ute i Oslofjorden. Han var folkeleg og samtidig opptatt av kunst og kultur, seier Kristiansen.

Jahn Otto Johansen debuterte som forfattar i 1960 med heftet Gomulkas Polen, og har skrive eit sekstitals bøker.

HAGEFEST --

Jahn Otto Johansen på Aschehoug sin tradisjonsrike hagefest i 2009.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt