NRK Meny
Normal

Jagland: – Viktig å støtte russiske menneskerettsorganisasjonar

MOSKVA (NRK): Europarådets generalsekretær, Thorbjørn Jagland, er på besøk i Moskva for å rette fokuset mot menneskerettane i landet, som han fryktar hamnar i skuggen av krigen i Ukraina.

RUSSIA-EU-DIPLOMACY-RIGHTS

Generalsekretær i Europarådet, Thorbjørn Jagland, møtte i dag leiar for menneskerettsorganisasjonen Memorial, Arsenij Roginskij. Han fekk mellom anna sjå bilete teikna av sovjetiske fangar.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

Jagland og Memorial

Generalsekretær i Europarådet, Thorbjørn Jagland, på veg inn til møtet med Memorial. Organisasjonen er truga av nedlegging etter ordre frå det russiske justisdepartementet.

Foto: Morten Jentoft / NRK

Jagland i Moskva

Jagland understreka at det er viktig å støtte opp om menneskerettsorganisasjonar i Russland, som kjem i skuggen av Ukraina-krigen.

Foto: Morten Jentoft / NRK

– Det er viktig å kome hit for å gi støtte til ikkje-statlege organisasjonar i Russland, fordi det druknar litt i interessa rundt Ukraina-krisa, seier Thorbjørn Jagland til NRK.

Skuldar organisasjon for å vere «utanlandske agentar»

Han besøkte i dag Russlands mest kjente menneskerettsorganisasjon, «Memorial», som i 1988 vart danna for å støtte ofra for undertrykking under sovjetregime. Seinare har dei gått over til å jobbe med meir generelle menneskerettsspørsmål.

I førre månad truga det russiske justisdepartementet med å stenge ned delar av organisasjonen, som vert skulda for å vere «utanlandske agentar», fordi dei tek imot pengar frå utlandet.

Jagland besøkte organisasjonens omfattande museum, der han mellom anna fekk sjå teikningar og måleri som tidlegare innsette fangar hadde laga. Han var også innom arkivet over dei som var i det sovjetiske fangesystemet. I det arkivet finst også eit titals nordmenn.

Møter Lavrov i morgon

– Det er sterkt å vere her i «Memorial» sine lokale og sjå den dokumentasjonen som finst av desse mørke sidene av russisk historie. Viktig at me ikkje gløymer det, seier Jagland.

Jaglands hovudmål ved besøket er å sette fokus på vern av menneskerettsorganisasjonar i Russland, og han trur ein vil lukkast i arbeidet med å stoppe oppløysinga av «Memorial».

Jagland har i dag hatt møte med Ella Panfilova som er menneskerettsombod i Russland. Han skal også møte den russiske justis og innanriksministeren, og i morgon er det utanriksminister Sergei Lavrov som står på Jaglands dagsplan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt