NRK Meny
Normal

Jagland fryktar europeisk nasjonalisme etter brexit

Det er hjartebarnet hans EU som no vert del av ein tøff skilsmisse, men generalsekretær i Europarådet Thorbjørn Jagland har framleis stor tru på unionen. Det er nasjonalismen han er bekymra for.

Thorbjørn Jagland

VONBROTEN: Torbjørn Jagland legg ikkje skjul på at han er skuffa over Brexit.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

Få nordmenn har ytra meir begeistring for EU enn tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland. I dag er det blå-fredag på hytta i Risør.

– Det er sjølvsagt beklageleg. Eg hadde ynskja noko anna. Når det er sagt er det viktig å respektere folkeavstemminga og gjere det beste ut av det.

Nasjonalisme med vind i segla

Brexit-valkampen er i hovudsak drive fram av innvandringskritiske krefter. Også i fleire andre europeiske land er høgrepopulistiske parti på kraftig frammarsj. At dei har fått vind i segla kan føre til folkerøystingar om EU-utmelding i andre land, fryktar Jagland.

– Det går eit spøkjelse over Europa som heiter nasjonalisme, og det er ein stor fare. Dersom vi finn gode løysingar kan vi avvikle at den utviklinga får halde fram.

Geert Wilders

GEERT WILDERS: Leiar i Frihetspartiet i Nederland, Geert Wilders vil ha folkerøysting om EU-medlemskap.

Foto: Yves Logghe / Ap

Fell EU saman no?

- Nei, det trur eg ikkje. Men det kjem veldig an på korleis ein handterer dette. Dersom Storbritannia vert straffa for Brexit kan reaksjonane bli sterke i andre land. Men bidreg EU til å finne dei beste løysingane for det britiske folk, og det trur eg dei vil gjere, så vil det bidra til å bygge tillit.

Fredsprosjektet EU i oppløysing?

I 2012 kom statsleiarar frå heile Europa til Oslo for å motta Nobels Fredspris. Den gong sa Jagland at Europa " har blitt eit fredskontinent", og ga EU mykje av æra for det. I dag raknar fredsprisvinnaren i saumane, men Jagland meiner framleis det var ein verdig vinnar.

– Eg meiner dei europeiske institusjonane har vore viktige for å bygge fred på dette kontinentet og det står eg framleis ved. Brexit handlar mykje om forhold utanfrå, som flyktningekrise og terrortruslar, ikkje EU i seg sjølv. Og Storbritannia vil framleis vere ein del av Europa, sjølv om det ikkje skal vere del av EU.

Den første, men ikkje nødvendigvis den siste

Politikarar i fleire europeiske land, som Frankrike og Nederland har varsla at det kan kome krav om folkerøysting om EU-medlemskap også der. Og i Spania er det val på søndag, og eit av partia som ligg godt an der vil ha Spania ut av EU.

– Lat oss håpe at det ikkje kjem ein kjedereaksjon med folkerøystinar om EU-medlemskap. Men det kan fort skje. Det er slik stemning i veldig mange andre land no, avsluttar Jagland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt