Piloten skaut seg ut frå flyet etter eit «uhell» under ein flytur søndag, skriv militærbasen Charleston på Facebook.
Piloten skal ha landa i eit bustadfelt i North Charleston rundt klokka 14 lokal tid, skriv Military Times. Hen blei frakta til ei sjukestove i området, og tilstanden skal vere stabil, skriv CNN.
Ut frå flyet retninga flyet bevegde seg i er søkeinnsatsen retta mot dei to innsjøane Lake Moultrie og Lake Marion.
Dei to innsjøane søket dreiar seg rundt har eit samla overflatemål på 680 kvadratkilometer.
– Om du har informasjon som kan hjelpe oss å finne flyet, vær snill og ring oss, oppmodar militærbasen på sosiale medium.
Ynskjer svar
Forsvinninga vekkar reaksjonar, heilt inn til hovudstadspolitikarane i Washington D.C.
– Korleis i helvete mistar ein eit F-35-fly? Kvifor er det ikkje ei sporingsbrikke i det, spør kongressrepresentanten Nancy Mace på X/Twitter.
Ein andre pilot som flaug samstundes som det forsvunne flyet returnerte trygt til bakken etter flyturen.
– Korleis i helvete mistar ein eit fly, undrar republikanaren Nancy Mace.
Foto: J. Scott Applewhite / APEit helikopter frå delstatspolitiet i Sør-Carolina er sett inn i søket. Samstundes blir det etterforska kva som gjorde at piloten måtte skyte seg ut av flyet.
Noreg sitt nye kampfly
Jagarflya av typen F-35 er det same som det norske forsvaret har satsa stort på.
Innan 2025 skal Noreg ta imot 52 F-35-fly, som av Forsvaret blir skildra som «eitt av verdas beste kampfly».
Seinast i mai kom fly nummer 38, 39 og 40 til Ørland flystasjon i Trøndelag. Det er uvisst kva sporingsutstyr det er i flya som blir levert til Noreg.