NRK Meny
Normal

Ja til atomkraftverk i Bulgaria

I Bulgaria har fleirtalet sagt ja til bygging av eit atomkraftverk i ei folkerøysting søndag.

Folkerøysting over atomkraftverk i Bulgaria

Ei kvinne røystar over utbygginga av eit nytt kjernekraftverk i Bulgaria søndag.

Foto: DIMITAR DILKOFF / Afp

Det syner valdagsmålingar.

Med det aukar presset på statsminister Boiko Borisov og hans konservative regjering som la det kontroversielle milliard-prosjektet dødt i mars i fjor fordi landet ikkje hadde råd til ei slik investering, og fordi dei vestlege investorane ikkje lot seg lokka.

For få møtte opp

BELGIUM-POLITICS-FINANCE-EU-BUDGET-SUMMIT

Statsministeren i Bulgaria, Boiko Borisov, meiner landet ikkje har råd til å byggja eit nytt, stort atomkraftverk.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

I overkant av 60 prosent røysta for å byggja det omstridde 2000 megawatts kjernekraftverket i Belene ved elva Donau.

Frammøtet var likevel for lågt til at resultatet blir bindande. Berre 20 prosent av bulgararane med stemmegjekk fann vegen til valurnene søndag. Kravet for eit gyldig resultat er på minst 60 prosent.

I det bulgarske lovverket heiter det at i tilfelle der over halvparten av røystene er for, og oppmøtet er på over 20 prosent, skal spørsmålet avgjerast i parlamentet.

Der har Borisov og hans parti GERB fleirtalet, og statsministeren har varsla at dei atter ein gong vil avvisa prosjektet dersom det skjer.

Miljø-aktivistar er også svært negative til atomkraftverk-planane, fordi byggeplassen ligg i nærleiken av eit jordskjelv-utsett område.

Popularitetstest før valet

Folkerøystinga er den første i Bulgaria etter at kommunismen fekk spikeren i kista. Røystinga over atomkraftverket var også rekna som ein test på regjeringen sin popularitet.

Politiske analytikarar meiner det faktum at fleirtalet røysta i strid med regjeringa sitt ønske, er dårleg nytt for Borisov før valet på ny nasjonalforsamling i juli.

Bulgaria har frå før eitt kjernekraftverk i Kozloduy og har hyra inn amerikanske Westinghouse til å utforma planane for eit nytt anlegg på same området.

byggeplass for kjernekraftverk i Bulgaria

Byggeplassen for kjernekraftverket i Belene, som regjeringa har sagt nei til. Bulgaria har frå før eitt kjernekraftverk i Kozloduy.

Foto: Valentina Petrova / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt