Tidlegare forsvarspolitisk talsmann for Høgre, Invald Godal, skuldar rett ut Vladimir Putin for å ha likvidert tre av utfordrarane til presidentvalet i mars. Godal var stortingsrepresentant frå 1985 til 2001.
I føremiddag opna påtalemakta i Moskva etterforsking av saka som eit mogleg drap, men avgjerda vart overprøvd av ein høgare instans av påtalemakta. Årsaka er manglande bevis for at det har skjedd noko straffbart.
Den russiske presidentkandidaten Ivan Rybkin har vore sakna sidan torsdag. Her er han fotografert i Dumaen i desember i fjor. (Foto: AP-Scanpix)
Ingvald Godal er leiar for Støtteforeninga for Tsjetsjenia. Her er han fotografert under ein demonstrasjon då Vladimir Putin vitja Noreg i november 2002. (Scanpix-foto)
Systematisk
- Det er ingen tvil om kven som står bak denne systematiske likvideringa av politisk opposisjon i Russland. Det kan berre vere Vladimir Putin, slik han også har ansvaret for likvideringa av dei uavhengige media i Russland, heiter det i ei pressemelding frå Støttekomiteen for Tsjetsjenia, der Ingvald Godal er leiar.
- Det går ein blodig despot laus i Europa. Det er på høg tid at alle, også den norske regjeringa, får opp augene for denne ubehagelege og svært farlege realiteten, erkjenner fakta ope, og tek nødvendige førehandsreglar før det er altfor seint, heiter det i pressemeldinga.
Her blir Putin blant anna skulda for å ha stått bak sprenginga av bustadblokker i Moskva og andre russiske byer hausten 1999, som ein lekk i planane for å rydde veg for seg sjølv som etterfølgjaren til Boris Jeltsin.
Bakgrunnen for utfallet frå Godal synest å vere meldinga om den tidlegare presidenten i Dumaen, Ivan Rybkin, er meld sakna.
Skarp kritikar
Rybkin har markert seg som ein skarp kritikar av Putin, og er kjend som ein nær alliert av den styrtrike forretningsmannen Boris Berezovskij, og han er kandidat ved presidentvalet i mars. Familie og vener fortel at han sist vart sett torsdag kveld, og han vart meld sakna i går kveld.
Ingvald Godal viser til fleire politiske drap i Russland, som han knyt til Vladimir Putin.
Den liberale opposisjonspolitikaren Sergej Jusjenkov vart skoten på gata i Moskva i april 2003, same dag som han registrerte sitt nye parti Det liberale Russland.
Tre månader seinare vart den liberale opposisjonspolitikaren og journalisten Jurij Sjekotsjin forgifta.
Eks-generalen Aleksandr Lebed, som også var presidentkandidat, omkom i ei helikopterulukke i Sibir i april 2002.
Spekulasjonar
NRKs Moskva-korrespondent Arne Egil Tønseth fortel at spekulasjonane om kva som har skjedd med Rybkin er i full gang i Russland. Han kan fortelje at Rybkin skal ha gitt uttrykk for at han vart overvaka.
Rybkin vart godkjend som presidentkandidat sist fredag, men han møtte ikkje opp for å ta mot det offisielle identitsmerket som viser at han er kandidat ved valet.
Rybkin er ein av dei tydelegaste kritikarane av Putin i russisk politikk i dag, og han har blant anna skulda Putin for å vere sterkt innblanda i russisk forretningsliv, og at han er Russlands største oligark.
Tønseth seier at Rybkin har teke til orde for dialog med opprørarane i Tsjetsjenia, og at det er noko av det mest kontroversielle ein politikar kan gi uttrykk for i Russland i dag.