Det er sjeldan toppolitikarar går ut offentleg med sterke meiningar om Eurovision Song Contest, ein songkonkurranse som har som mål å vere upolitisk.
«Mahmood...mah»
Men den italienske visestatsminister Matteo Salvini, som også er leiar av det høgrepopulistiske partiet Lega Nord, har gjort sitt til at Italias bidrag ikkje unngår å bli debattert, skriv The Guardian
– Mahmood...mah... den vakraste italienske songen?!? Eg ville vald Ultimo, skriv visestatsministeren.
Han heier med andre ord på artisten Ultimo som fekk flest publikumsstemmer, men som likevel kom på andre plass i den nasjonale finalen fordi fagjuryen stemte fram Mahmood. Fagjuryen tel 20 prosent, pressejuryen tel 30 prosent, medan folkejuryen tel 50 prosent.
– Vikarierande motiv
Enkelte meiner det er artistens egyptiske opphav som er årsaka til at politikaren let seg provosere, sjølv om Salvini aldri bruker dette som argument.
– Det er alltid eit eller anna kvar einaste år. Men med den slags regjering me har no, og Salvinis lange historie med innvandring, så verkar det som han har eit vikarierande motiv, seier journalisten og musikkritikaren, Federico Capitoni til avisa La Republica.
Mange av dei andre twitter-meldingane Salvini legg ut handlar om migrasjon og innvandring, og den italienske regjeringa er godt kjent for å vere kritiske til innvandring og spesielt båtflyktningar i Middelhavet. Italia har stramma kraftig inn på mottak av flyktningar etter at den noverande regjeringa tok over makta i mai i fjor.
- LES OGSÅ:
I tillegg har partiet stått bak ei rekke utsegn som har skapt mykje debatt og provokasjon. Til dømes då ein politikar frå Lega Nord sa at etniske italienarar er ein «truga kvit rase».
Også ein tidlegare minister har måtte tole hets frå medlem av Lega Nord. Tidlegare integreringsminister Cecile Kyenge, som opphavleg kjem frå Kongo, har måtte tole å høyre at ho ser ut som orangutang og at ho burde bli valdteken. Utsegna er komne frå toppolitikarar i Lega Nord.
Krev endring i stemmemåte
Også ein annan regjeringspolitikar kasta seg på kritikken av valet av Mahmood som Italias representant, og han krev endring i måten stemmene blir gitt.
– Neste år, kanskje skulle vinnaren vere den som vart stemt fram i telefonstemminga, sidan det kostar italienarar 51 cent å stemme, skriv Luigi Di Maio, som representerer det andre partiet i regjeringa, Femstjernersrørsla.
Også sjefen i den statlege TV-kanalen, Rai, krev at stemmesystemet skal endrast. TV-sjefen, Marcello FOA, vart sett inn som sjef i september av nettopp Salvini og Di Maio, og er også han kjent for å vere innvandringskritisk.
- LES OGSÅ:
- SJÅ KVEN SOM DELTEK I DEN NORSKE FINALEN
– Det er ein klar ubalanse mellom folkets stemmer og juryen som er sett saman av eit dusin personar, seier FOA og legg til at det trengst endringar som fører til at folket kjenner seg meir representerte.
Artisten sjølv er fødd i Milano, med italiensk mor og ein egyptisk far. Han har fleire arabiske ord i songen som vann, men nektar for at han meiner noko politisk med sitt bidrag. Han har derimot slått fast at han er «100 prosent italiensk».
I fjor kom Italia på femte plass i Eurovision Song Contest med songen «Non Mi Avete Fatto Niente», som sette fokus på terrorangrep, krig og flukt.
I ei tidlegare utgåve av artikkelen sto det at fagjuryen tel 60 prosent medan folkejuryen tel 40 prosent i finalen. Denne fordelinga gjeld berre i dei første rundane.