Hopp til innhold

Italia opnar grensene for Schengen-turistar

Italia har planar om å opne grensene for EU- og Schengen-borgarar, utan krav om karantene, frå 3. juni.

Syklister ved Colosseum i Roma i Italia

GJENOPNAR: Europeiske turistar kan vende tilbake til Roma og andre italienske byar frå 3. juni, etter det lokale medium skriv. Bildet viser Colosseum i Roma.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP/NTB Scanpix

Under koronaepidemien har innreise til Italia berre vore mogleg heilt unntaksvis, mellom anna for italienske borgarar som var stranda i utlandet.

Ei eventuell grenseopning vil ikkje gjelde for borgarar frå andre land enn EU-landa og Schengen-landa.

Ifølge Reuters stadfestar no den italienske regjeringa meldingar om dette i italienske medium.

Reiselivet lir

Italias økonomi er sterkt ramma av koronakrisa, og turistindustrien betaler truleg ein høgare pris enn dei fleste andre næringar.

Sidan landet vart stengt ned 10. mars, har hotell og museum vore stengde, og internasjonal luftfart suspendert.

Rent vann i kanalene i Venezia

REINARE: Vatnet i kanalane i turistperla Venezia er reinare enn på mange år etter at turistane forsvann i februar.

Foto: ANDREA PATTARO

Medan fleire europeiske land lettar på smitteverntiltaka, åtvarar Verdas helseorganisasjon (WHO) landa mot å senke skuldrene.

Fallande smittetal

Det siste døgnet har Italia registrert 242 koronarelaterte dødsfall, 20 færre enn førre døgn.

Samtidig fall talet på nye smittetilfelle frå 992 til 789 fredag, og totalt har no 223.885 fått påvist smitte, opplyser styresmaktene.

Totalt har Italia registrert 31.610 dødsfall knytt til covid-19.

SISTE NYTT

Siste nytt