Hopp til innhold

Italia krev omlegging av asyl- og innvandringspolitikken i EU

Den nye regjeringa ønsker at EU skal opprette senter i landa flyktningane kjem frå, og behandle sakene deira der. Forslaget får støtte frå Frankrike.

Guiseppe Conte og Emmanuel Macron

Den italienske statsministeren Guiseppe Conte (t.v.) og den franske presidenten Emmanuel Conte, var etter toppmøtet fredag samde om at asyl- og innvandringspolitikken i EU må endrast. Tidlegare i veka hamna dei to i ordkrig om innvandringspolitikk.

Foto: POOL / Reuters

Den nye italienske statsministeren, Guiseppe Conte, var fredag i Paris for å drøfte innvandringspolitikk og bli forsona med den franske presidenten, Emmanuel Macron.

Dei to har sidan tysdag krangla om kven som burde ta i mot flyktningane som er om bord i migrantbåten «Aquarius». Italia nekta å la skipet få legge til kai, og sa at dei hadde teke i mot sin del av flyktningstraumen over Middelhavet. Og at det var på tide at andre land også stilte opp.

Dette meinte Macron var kynisk, uansvarleg og høgst beklageleg. Noko som i sin tur utløyste raseri i Roma, og ei spent stemning før møtet i Paris fredag.

«Italia ventar seg ei offentleg orsaking frå Macron etter at han kom med hard kritikk av migrantpolitikken i Italia», skriv avisa Le Figaro.

Ønsker omlegging av politikken

Etter toppmøtet sa Conte på ein pressekonferanse at Italia ønsker ei omlegging av asyl- og innvandringspolitikken i EU.

– Vi bør opprette europeiske senter i landa migrantane kjem frå, og behandle asylsøknadane deira der.

CORRECTION Europe Migrants

Redningsfartøyet «Aquarius» er på veg til Spania etter at Italia nekta skipet å legge til kai tysdag. Leger uten grenser seier det er over 600 migrantar om bord i skipet. Mange av dei er mindreårige og gravide kvinner.

Foto: Darko Bandic / AP

Og han fekk støtte frå president Macron, som bad EU-landa om å vise større solidaritet med Italia. Han meiner det er på tide at ein får ein gjennomgang av asylreglane som seier at innvandrarar skal søke asyl i det første landet dei kjem til.

– Den ordninga vi har i dag, er ikkje tilpassa den røynda vil lever i. Det er heller ikkje responsen til EU, sa Macron.

Og når det gjeld kritikken han kom med tidlegare i veka, sa Macron at det ikkje var meininga å fornærme Italia.

Reiser til Spania

Skipet som utløyste usemja, «Aquarius», er no på veg til Spania. Den nye regjeringa der har varsla ei oppmjuking innvandringspolitikk. Dei vil blant anna betre helsetilbodet til utlendingar utan opphaldsløyve.

Isabel Celaa, utdanningsminister i Spania

Den spanske utdanningsministeren Isabel Celaa seier dei vil ta i mot flyktningane frå «Aquarius» på vanleg måte. Dei som får avslag på asylsøknaden, vil kunne bli returnert til landet dei kom frå.

Foto: SUSANA VERA / Reuters

Det er venta at «Aquarius» skal legge til kai i Spania på sundag. Men dei over 600 om bord er ikkje sikra permanent opphaldsløyve, seier den spanske utdanningsministeren Isabel Celaa til nyheitsbyrået AFP:

– Vi kjem til behandle desse på vanleg måte. Det vil seie at dei som har rett på flyktningstatus, vil få det, medan dei som ikkje har rett på opphaldsløyve, vil kunne bli sende tilbake.

Ho seier at det viktigaste for Spania er respekt for menneskeverd og menneskerettar.

SISTE NYTT

Siste nytt