Hopp til innhold

Italia har fått ny president

Den sicilianske dommaren Sergio Mattarella er valt til ny president i Italia. Han gjekk inn i politikken etter at broren hans vart skoten og drepen av mafiaen i 1980.

 Italias nye president, Sergio Mattarella.

Sergio Mattarella (73) vart i dag valt til ny president i Italia.

Valet av Sergio Mattarella blir sett på som ein stor siger for statsminister Matteo Renzi, trass i at det tok lang å få på plass det naudsynte fleirtalet i nasjonalforsamlinga. Etter tre innleiande voteringar denne veka vart han valt like før fristen gjekk ut klokka 12 i dag.

Renzi karakteriserer den nye presidenten som ein «ein mann for lova og ein mann for kampen mot mafiaen».

Giorgio Napolitano

89 år gamle Giorgio Napoilitano trekte seg frå presidentembetet tidlegare denne månaden.

Foto: TIZIANA FABI / Afp

- Høg integritet

73 år gamle Mattarella er ikkje særleg kjend i utlandet, men han har vore aktiv politikar sentrum/venstre-aksen i mange år. Han er kjend for å vere ein mann med høg integritet. Dei siste fire åra har han vore dommar i den italienske grunnlovsdomstolen, men før det var han både medlem av parlamentet og statsråd.

Den italienske presidenten har ikkje stor politisk makt, men har i stor grad seremonielle oppgåver. Presidenten kan likevel spele ei stor og viktig rolle under politiske kriser, og det har Italia tradisjon for å ha mykje av.

Sergio Mattarella gjekk først inn i politikken tidleg på 1980-talet, etter at den eldre broren Piersanti Mattarella vart skoten og drepen av den sicilianske mafiaen Cosa Nostra 6. januar 1980. Sergio var ein av dei første som kom til staden etter skytinga, og Piersanti døydde i armane til veslebroren.

– Det reine Sicilia

– Han representerer det reine Sicilia, den delen av øya som har betalt ein forferdeleg pris i kampen mot dei vonde kreftene, seier den noverande regionale presidenten på Sicilia, Rosario Crocetta.

Ikkje alle er like begeistra for den nye presidenten. Leiar for opposisjonspartiet Legia Nord, Matteo Salvini, sa det slik, ifølgje AFP:

– Han er berre endå ein katolsk kommunist (catto-communista).

Kristelegdemokratisk bakgrunn

Sergio Mattarella er fødd og oppvaksen i ein familie med djupe røter i det kristelegdemokratiske partiet. Då han representerte kristelegdemokratane, høyrde han til på partiet si venstreside.

Han sa farvel til høgresida i partiet i 1990. Då var han ein av fem statsrådar som gjekk av i protest mot ei ny medielov, som dei meinte var skreddarsydd for å tene Silvio Berlusconis medieimperium

SISTE NYTT

Siste nytt