Israelske luftangrep mot Gaza etter angrep med brannballongar

Israel har retta nye luftangrep mot Gaza, etter at det vart sendt brannballongar frå palestinsk side.

Eksplosjoner i Gaza by

Eksplosjonar lyser opp nattehimmelen over Gaza by tidleg 16. juni.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP / NTB

Luftangrepa og brannballongane er den første store oppblussinga av konflikten sidan ei våpenkvile 21. mai gjorde slutt på elleve dagar med kampar der 260 palestinarar og 13 israelarar vart drepne.

Angrepa i natt fann stad etter midnatt lokal tid, etter at militante på palestinsk side sende brannballongar inn i Sør-Israel, opplyser tryggingskjelder og vitne til nyheitsbyrået AFP.

Brann i Israel forårsaket av brannballonger sendt fra Gaza 15. juni 2021

Ein israelsk brannmann forsøker å sløkkje ein skogbrann forårsaka av ein brannballong frå Gaza.

Foto: Tsafrir Abayov / AP / NTB

Ballongane skal ha blitt sende medan meir enn tusen jødiske høgrenasjonalistar marsjerte gjennom den okkuperte gamlebyen i Jerusalem.

Brannmannskap i Israel seier at brannballongane førte til rundt 20 brannar.

Dei israelske angrepa ramma minst eitt område aust for Khan Younes, sør på Gazastripa, får AFP opplyst.

Det er ikkje meldt om skadde verken på israelsk eller palestinsk side.

Stadfestar åtak på Hamas-anlegg

Det israelske forsvaret IDF seier dei har ramma «militæranlegg tilhøyrande terrororganisasjonen Hamas», og legg til at «fasilitetar og møtestader for terroristar» i Khan Younes var målet.

Talsmann Avichay Adraee stadfestar på Twitter at det israelske forsvaret har gjennomført angrep. Han skriv vidare at det israelske forsvaret er førebudd på «alle scenario, inkludert nye kampar i møte med fortsetjinga av terrorhandlingar som spring ut frå Gaza».

Angrepa er dei første sidan ei ny koalisjonsregjering søndag vippa statsminister Benjamin Netanyahu frå makta etter tolv år.

Jødiske nasjonalister i flaggmarsj i Jerusalem 15. juni 2021

Flaggmarsjen som jødiske nasjonalistar sto bak i Jerusalem tysdag, sette sinna i kok i dei palestinske områda.

Foto: Mahmoud Illean / AP / NTB

Reaksjonar

Både USA og FN bad partane om å beherske seg før marsjen tysdag.

Marsjen skulle vore arrangert sist veke, men vart avlyst fordi ein var redd for at sikkerheita ikkje var god nok. Den nye israelske regjeringa sa ja til at den kunne gjennomførast.

Marsjen er frå deltakarane sin ståstad ei feiring av at Israel tok kontroll over Øst-Jerusalem i 1967. Palestinarar meiner marsjen er ein provokasjon.

Under marsjen tysdag song fleire titals unge «død over arabare» og «må landsbyen din brenne».

Israel sin nye utanriksminister Yair Lapid kritiserer deltakarane for å ha sunge rasistiske og valdelege songar.

Lapid har tvitra at det var rett å seie ja til marsjen, men at det er «ufatteleg» at nokon kan halde eit israelsk flagg og samtidig rope «død over arabarar».

Mansour Abbas leiar det israelsk-arabiske partiet Raam. Han kallar marsjen ein «provokasjon», og seier den burde vore avlyst.

Skjør våpenkvile

Våpenkvila mellom Israel og Hamas trådde i kraft 21. mai.

Egypt har fått i oppgåve å følgje med på avtalen.

Professor i historie, Hilde Henriksen Waage, seier at ein aldri kan vite kva for ein gneiste det er som tenner elden i konflikten mellom Israel og palestinarane. Difor er ei våpenkvile alltid skjør.

Ho trur ikkje det som hende i natt er starten på ei ny opptrapping av konflikten.

– Nei, det trur eg ikkje. Akkurat no slikkar israelarane og palestinarane på Gazastripa såra sine. Men med ujamne mellomrom bryt det ut ny krig.

Kan vi vente oss fleire angrep i tida som kjem?

– Så lenge det ikkje finst nokon løysing på konflikten, som er forhandla fram, så vil det fortsette å vere ein slik låg-intensitet-konflikt. Det er mange aktørar som ikkje ønsker fred, men som vil demonstrere sine ytterleggåande standpunkt. Det var vi vitne til i går då høgreekstreme og andre israelare som med israelske flagg høgt heva marsjerte gjennom gamlebyen i Jerusalem. Det er der palestinarane bor, så dette er ekstremt provoserande.

Marte Heian-Engdal er Midtøsten-ekspert og assisterande direktør i Noref, Norsk senter for internasjonal konfliktløysing.

Ho seier at denne konflikten konstant er på kokepunktet.

– Det er viktig no at diplomatiet får ein sjanse til å gjere våpenkvileavtala meir robust. Om ikkje vil faren for vidare eskalering berre auke.

SISTE NYTT

Siste nytt