Palestinske kvinner sørger i ruinene av det sprengte huset (foto: Oleg Popov/Reuters).
Ein eldre mann vart i morgontimane funnen død i ruianene av eit hus dei israelske styrkane sprengde i lufta. Den israelske hæren seier at huset tilhøyrte ein palestinsk sjølvmordsbombar. Også to andre hus vart jamna med jorda, opplyser palestinske kjelder.
Tidlegare på natta vart ein palestinsk tenåring drepen i kampar då dei israelske stridsvognene inntok byen. 11 menneske vart skadde i trefningane.
Innbyggjarar i Beit Lahia seier at byen er omringa av 30 pansra køyrety. Tre av dei har teke oppstilling rundt administrasjonsbygningane i byen.
I ettermiddag vart det skote rakettar mot ein bil i utkanten av Gaza by. Palestinske kjelder oppgir at to israelske Apache angrepshelikopter avfyrte tre rakettar mot ein bil. Fire menneske vart skadde, men det er uklart kor alvorleg skadane er. Ein av dei som var i bilen er ein kjend Hamas-aktivist, men han skal ifølgje dei same kjeldene ikkje vere skadd.