Ariel Sharon saman med livvaktene sine på eit valmøte dagen før valet. (Foto: Ofer Vaknin, Reuters)
Eitt tema overskuggar alle andre i den israelske valkampen, tryggleik, eller mangelen på tryggleik. Dei palestinske sjølvmordsaksjonane inne i Israel har forandra det politiske landskapet i landet. Ingen kjenner seg trygge nokon stad, og få trur at nokon kan gi dei tryggleiken tilbake.
Ariel Sharon
Ariel Sharon lovar å kjempe for at israelarane skal få tilbake tryggleiken, men få trur at han greier det. Likevel blir han attvald, for ingen trur at nokon av dei andre kandidatane kan gjere Israel til ein tryggare stad for innbyggjarane sine.
Etter at Ariel Sharon i ei intern israelsk gransking vart utpeika som indirekte ansvarleg for massakrane i flyktningleirane Shabra og Shatilla i Libanon i 1982, var det mange som meinte han var ferdig som politikar. Han var forsvarsminister då Israel invaderte Libanon for å jage PLO-geriljaen til Yasir Arafat ut av landet, og vart avsett i 1983.
For dei fleste ville dette ha vore slutten på den politiske karrieren, men ikkje for Sharon. Tidleg på 90-talet kom han tilbake som minister med ansvar for husbygging. Her sette han fart i utbyggingane av dei jødiske busetjingane i dei palestinske områda.
I 1998 vart han utanriksminister i Netanyahu si regjering, og etter valnederlaget til Netanyahu for Ehud Barak i 1999 vart Sharon ny leiar i Likud. Barak skreiv ut nyval etter at han ikkje greidde å få til ein fredsavtale med palestinarane, og hardt pressa av den nye palestinske opppstanden. Så var Sharon med eitt på toppen av israelsk politikk.
I dag er han 74 år gammal, og seinast i fjor haust vann han ein klar siger i leiarvalet i Likud-partiet i kamp mot nettopp Benjamin Netanyahu. No er Netanyahu utanriksminister i regjeringa til Sharon, men dei to er politiske erkerivalar.
Endringar
Sjølvmordsaksjonane har endra ikkje berre israelarane sine liv, men også totalt endra det politiske landskapet i den jødiske staten. Arbeidarpartiet, som har vore det dominerande partiet i Israel i store delar av landet si snart 55 år gamle historie, har mist fotfestet i dei store veljarmassane.
Sjølv ikkje dei alvorlege korrupsjonsskuldingane mot statsminister Ariel Sharon ser ut til å styrkje Arbeidarpartiet og den nye leiaren Amram Mitzna (57). Som Ariel Sharon er han tidlegare general, men der stansar også likskapen. Mitzna, tidlegare ordførar i Haifa, tilhøyrer venstresida i Arbeidarpartiet, og har vore ein aktiv deltakar i den israelske fredsrørsla.
Det har vore sterk strid internt i Arbeidarpartiet om det var rett av partiet å delta i koalisjonsregjeringa med Likud, der Sharon var statsminister og den tidlegare leiaren i Arbeidarpartiet, Shimon Peres, var utanriksminister. Denne koalisjonen braut saman i oktober i fjor, etter at Shimon Peres og Arbeidarpartiet gjorde det klart at dei ikkje lenger kunne sitje i ei regjering leidd av Ariel Sharon.
Leiaren i Arbeidarpartiet Amram Mitzna ser ut til å gjere eit dårleg val. (Reuters-foto)
Dette vart truleg gjort for å framprovosere eit nyval, men pokerspelarane i Arbeidarpartiet hadde nok ikkje rekna med at partiet skulle bli så totalt spelt utover sidelina.
Venstresida i partiet hadde lenge vore sterk motstandar av regjeringssamarbeidet med Likud, og valet av Amram Mitzna må på mange måtar sjåast på ein reaksjon på dette. Sterke krefter ville distansere seg frå Shimon Peres, Benjamin Ben-Eliezer og dei andre i partiet som sat i Ariel Sharon si regjering.
Dette skjer på eit tidspunkt då den israelske fredsrørsla har mist den store oppslutninga frå 1994, då Oslo-avtalen vart underskriven. Dei mange sjølvmordsaksjonane inne i Israel har skremt mange bort frå fredsrørsla, som ikkje lenger er ein mektig faktor i den israelske opinionen.
Maktkamp
Det var ein knallhard kamp med nettopp tidlegare forsvarsminister Ben-Eliezer og Mitzna om leiarvervet i Arbeidarpartiet, som altså fredsaktivisten Mitzna gjekk sigande ut av. Mitzna har gjort det klart at det ikkje blir aktuelt med ei ny koalisjonsregjering med Likud etter valet. Dermed må han høgst truleg førebu seg på å blil opposisjonspolitikar i tida som kjem.
Litt rart må det vere for partiveteranen Shimon Peres å sjå ei meiningsmåling sist veke som viste at Arbeidarpartiet faktisk hadde sjanse til å vinne valet, dersom Peres var statsministerkandidat. Tidlegare har Peres tapt fleire viktige val. Han tapte statsministervalet for Benjamin Netanyahu i 1996, og han tapte seinare også kampen om å bli israelsk president.
Dersom Arbeidarpartiet gjer eit like dårleg val som meiningsmålingane tyder på, er det sannsynleg at Amram Mitzna ikkje blir sitjande som partileiar særleg lenge. Mange internt i partiet ser han som ein overgangsfigur.
Ein deltakar på eit valmøte viser kven han skal røyste på ved valet tysdag. (Reuters-foto)
Mange småparti
Israelsk politikk er likevel ikkje berre Likud og Arbeidarpartiet. Det er ein heil skog av småparti i nasjonalforsamlinga Knesset, ja ein kan nesten seie at det finnest eit parti for nesten alle smågrupperingar i landet, det vere seg politiske, etniske eller religiøse.
Kva er det så dei mange partia i Israel går til val på?
Ariel Sharon har sagt at han vil godta ein demilitarisert palestinsk ministat, men på vilkår som truleg aldri vil bli godtekne av palestinarane. Sharon har slått hardt til mot palestinarane, og i realiteten har Israel gjenokkupert det meste av Vestbreidda.
I helga kom det også meldingar om at hæren vurderer å gjenokkupere Gazastripa. Sharon går til val på at han skal få israelarane til å kjenne seg trygge, og at han er viljug til å bruke harde middel mot palestinarane for å hindre sjølvmordsaksjonar. Han vil ikkje snakke med Yasir Arafat, og vil helst utvise han frå dei palestinske områda. Hittil har USA hindra han i å gjere det.
Arbeidarpartiet sin nye leiar, Amram Mitzna, har lova å trekkje dei israelske styrkane tilbake frå Gazastripa i løpet av eit år, og å starte fredsforhandlingar med dei noverande palestinske leiarane, også med Arafat, utan vilkår. Om forhandlingane ikkje fører fram vil han stengje grensene mellom Israel og dei palestinske områda heilt, slik at israelarar og palestinarar kan leve kvar for seg utan kontakt.
Shinui
Eit tredje parti som har stor framgang er det sekulære Shinui-partiet, som i følgje meiningsmålingane kjem til å kjempe med Arbeidarpartiet om å bli det nest største partiet i Knesset. Partiet har vunne stor støtte blant særleg unge veljarar med kravet om å redusere makta til dei ultraortodokse. Partiet blir leidd av 71 år gamle Tommy Lapid, ein overlevande frå Holocaust. Han er kjend som talk show-vert på israelsk fjernsyn.
Shinui godtek ein palestinsk stat, men vil ikkje forhandle med Yasir Arafat. Partiet vil heller ikkje starte forhandlingar med palestinarane før palestinarane stansar valdsbruken. Busetjingar som ligg for seg sjølve vil bli fråflytta, men partiet vil at dei største busetjingane skal bli ein del av Israel.
Partiet vil kutte radikalt ned på støtta til dei ultraortodokse, og fjerne lova som gjer at desse slepp unna militærteneste. Tommy Lapid seier det slik: - Eg har ikkje noko i mot at dei utøvar religionen sin, men eg godtek ikkje at dei prøvar å påtvinge trua si på det sekulære fleirtalet i Israel. Eg vil at Israel skal vere ein del av den moderne vestlege sivilisasjonen, og ikkje ein middelalder-ghetto.
Ei meningsmåling viser at Arbeidarpartiet ville ha gjort det mykje betre med Shimon Peres som statsministerkandidat. (Foro: Monika Fluechiger, Reuters)
Det er mange ultraortodokse parti i israelsk politikk, som avviser tanken om ein palestinsk stat. Dette gjeld partiet Den nasjonale union, Det nasjonalreligiøse partiet og Herut. Desse meiner at palestinarane som i dag bur på Vestbreidda og på Gazastripa bør flytte til Jordan eller andre arabiske land.
Sharansky
Eit anna parti å merkje seg er Yisrael B’Aliya, som har stått særleg sterkt blant rundt ein million russiske jødar som har immigrert til Israel dei siste åra. Partiet blir leidd av den tidlegare Sovjet-dissidenten Natan Sharansky. No meiner politiske observatørar i Israel at dette partiet kan misse ein del røyster blant dei russiske veljarane, som no vender seg til Likud og Shinui.
Interessant er det likevel at den konservative storavisa Jerusalem Post har gitt si støtte til Sharansky i valkampen. ”Vi støttar Sharansky fordi vi trur han er kandidaten som klarast ser kva staten Israel kan bli, og korleis vi kan nå det målet. Sharansky trur både på økonomisk og politisk fridom, ikkje berre for israelarar, men også for palestinarar”, skriv altså Jerusalem Post.
Israelsk presse synest sikre på at statsminister Ariel Sharon og Likud-partiet vil bli dei store vinnarane, og i avisa Haaretz, som høyrer heime på den israelske venstresida, verkar temmeleg oppgitt. Leiarskribenten Yoel Marcus nyttar ironi og sarkasmar i bodskapen sin til lesarane:
”Dersom du har fått betre livskvalitet og den personlege tryggleiken din har auka, så gå og gjer det: Røyst på Sharon. For borna dine si skuld, som vil bli drepne medan dei vaktar busetjingar og utpostar som det ikkje er nokon grunn til skal eksistere, korkje politisk eller militært.”
Dei siste målingane viser at at Sharon og Likud kjem til å få minst 30 av dei 120 plassane i Knesset. Arbeidarpartiet får truleg ikkje meir enn rundt 20. Så det er ingen grunn til å vente at situasjonen i den israelske nasjonalforsamlinga skal bli meir oversiktleg etter dette valet.
(Kjelder: BBC, Haaretz, Jerusalem Post, AFP, Reuters)