Hopp til innhold

Offentleg Israel-rapport slaktar avgjerdene til statsministeren

I ein offentleg rapport får statsminister Benjamin Netanyahu i Israel krass kritikk for dårleg handtering då han beordra eit åtak på ein konvoi med naudhjelp til Gaza i mai 2010.

ISRAEL-ELECTION/ Israel's Prime Minister Netanyahu speaks at cabinet meeting in Jerusalem

FÅR KRITIKK: Statsminister i Israel, Benjamin Netanyahu får krass kritikk frå sitt eige nasjonale tilsynsråd for handteringa av åtaket mot ein naudhjelp-konvoi i 2010.

Foto: POOL / Reuters

Israelske kommandosoldatar gjekk i mai 2010 til åtak på eit tyrkisk-eigd skip i ei flotilje som kom med naudhjelp til Gazastripa.

Ein israelsk tilsynsrapport stadfestar at statsminister Benjamin Netanyahu tok «dårlege avgjerder» i framkant av åtaket.

– Statsministeren tok avgjerder utan ordentleg, koordinert og dokumentert lagarbeid, sjølv om fleire politikarar var klare over at denne flåten var annleis enn andre flotiljar, heiter det i rapporten.

– Uakseptabel brutalitet

Saoirse og Tahrir på vei til Gazastripen

SKIP MED NAUDHJELP: Dei to skipa Saoirse og Tahrir var på veg til Gazastripa då dei blei avskorne i Middelhavet av militærfartøy frå Israel.

Foto: HOLGER BENNEWITZ / Reuters

Ni personar, alle tyrkarar, blei drepne i raidet på fartøyet Mavi Marmara 31. mai 2010, som blei møtt med massiv internasjonal fordømmelse. Den eine av dei drepne var amerikansk statsborgar.

LES ALT OM GAZA-RAIDET

Israel hevda den gongen at dei handla i tråd med folkeretten og hadde rett til å ta igjen mot båtar som krenka blokaden av Gazastripa.

Men menneskerettsrådet seier at blokaden i seg sjølv var ulovleg.

Rådet slo fast i september 2010 at «aksjonen oppviste eit uakseptabelt brutalitetsnivå. Slik framferd kan ikkje bli rettferdiggjort eller forsvarast av behovet for tryggleik eller nokre andre grunnar.»

LES: FN-rapport fordømmer Gaza-raidet

Spurte ikkje om råd

I dag kom ein ny rapport der eit offentleg israelsk tilsyn påpeikar at statsminister Netanyahu gjorde alvorlege feil dagen han gjekk til åtak på konvoien.

Rapporten på 153 sider er full av hardtslåande kritikk mot avgjerdsprosessen som leidde opp til åtaket mot den tyrkiske flåten.

Ifølgje rapporten, får Netanyahu kritikk for å ikkje ha konsultert med det nasjonale tryggingsrådet i framkant av åtaket.

– Statsminister Netanyahu tok ikkje omsyn til at åtaket kunne ende i valdelege konfrontasjonar på dekk, held rapporten fram.

Raidet utløyste ein krise mellom Israel og Tyrkia, som ein gong var nære allierte, og resulterte i ei dramatisk nedgradering i diplomatiske relasjonar.

Presidenten nekta på å ha gjort feil

Israel påstod at aktivistane på skipet var valdelege, og at soldatane difor hadde rett til å forsvare seg og opne eld. Ifølgje FN-rapporten dreidde det seg i nokre tilfelle om summariske likvideringar.

LES: – Israel gjorde ikkje noko gale

Ein tyrkisk domstol vil 6. november i år opne straffesak mot fire høgtståande israelske militære tenestemenn, som tenestegjorde under raidet og som regjeringa i Ankara held ansvarlege for valden.