Hopp til innhold

Israels forsvarsminister trekkjer seg etter våpenkvila med Hamas

Våpenkvila er å gi etter for terroristar, meiner Israels forsvarsminister Avigdor Lieberman. Han trekkjer seg i protest, og tek heile partiet ut av regjeringa.

Avigdor Lieberman

Israels forsvarsminister Avigdor Lieberman trekkjer seg i protest mot at landet gjekk med på ei våpenkvileavtale med Hamas.

Foto: Menahem Kahana / AFP

Etter to dagar med harde kampar vart Israel og Hamas samde om ei våpenkvile. Det er denne avtala Lieberman ikkje er nøgd med, og han kallar den eit knefall for terror.

– Det kan ikkje bety noko anna. Det vi no gjer som stat, er å kjøpe oss kortsiktig ro. Prisen er alvorleg svekking av tryggleiken i landet på lang sikt, seier Lieberman.

Lieberman krev ein langt hardare respons mot Hamas. Måndag vart det skote fleire hundre rakettar mot Israel frå Hamas-kontrollert område, og Israel svarte med luftangrep mot 160 mål i dei palestinske områda.

Dette er dei mest omfattande angrepa sidan den nesten to månader lange krigen i 2014.

Ut av regjeringa

Det nasjonalistiske partiet til Lieberman trekkjer seg også frå regjeringa, noko som gjer at regjeringa til statsminister Benjamin Netanyahu no berre har eit knapt fleirtal i parlamente

Partiet til Lieberman, Yisreal Beitenu, har i dag fem plassar i nasjonalforsamlinga Knesset.

Liebrman går inn for snarleg nyval i Israel. Neste regulære val skal først vere i november 2019. Ein talsmann for regjeringspartiet Likud avviser alt snakk om nyval, og viser til at det ikkje er rett å snakke om nyval slik situasjonen er no.

Netanyahu skal inntil vidare fungere som forsvarsminister.

Benjamin Netanyahu

Etter at Liberman trekte partiet sitt ut av regjeringa, har statsminister Benjamin Netanyahu berre eit fleirtal i Knesset på éin representant.

Foto: Ronen Zvulun / Reuters

Feirar avgangen

Statsministeren vil ikkje kommentere detaljar i våpenkvileavtala, men seier at fienden trygla og bad om avtala og at opinionen i krisesituasjonar ikkje alltid kan få fullt innsyn.

Hamas feirar avgangen til Lieberman som ein siger, og fleire tusen av innbyggjarane på Gazastripa jubla i gatene.

– Avgangen til Lieberman er ein erkjenning av at Israel ikkje har lykkast i å konfrontere den palestinske motstandsrørsla, seier Hamas-talsperson Sami Abu Zuhri.

Våpenkvile ser ut til å halde

Trass den politiske uroa i Israel så ser våpenkvila mellom Israel, Hamas og andre militante palestinske grupper stort sett ut til å halde onsdag ettermiddag.

Ein palestinar vart skoten og arrestert av israelske styrkar onsdag føremiddag, etter å ha nærma seg grensegjerdet på Gazastripa med kniv, tang, og granatar. Granatane blei kasta mot israelsk område, men ingen av dei eksploderte.

Hendinga var den første sidan våpenkvila blei inngått tysdag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt