NRK Meny
Normal

Israel: -Syria har ikkje skote ned krigsfly

Den israelske hæren seier at det ikkje er rett at Syria har skote ned eit israelsk krigsfly over Golanhøgdene, som blei meldt tysdag morgon.

Mideast Israel Syria

Ein drusar ser på kampar mellom Assad-lojale styrker og opprørarar sør i Syria 11.september, frå den israelskkontrollerte delen av Golanhøgdene.

Foto: Ariel Schalit / Ap

– I natt blei to bakke-til-luft-missilar skotne ned frå Syria då vi gjek til aksjon mot syriske artilleristillingar. Våre fly var ikkje på noko punkt i fare, og det dei hevdar er ikkje sant, seier Arye Shalicar, ein talsmann for det israelske militæret.

Laster Twitter-innhold

Det syriske nyheitsbyrået SANA meldte tysdag morgon om at det israelske flyet hadde blitt treft då det angreip dei syriske posisjonane i Queitra på Golanhøgdene, og syriske styresmakter står fast på dette.

Laster Twitter-innhold

Bakgrunnen for det israelske angrepet var ein bombekastargranat som skal ha treft dei istraelskkontrollerte delane av Golanhøgdene. Israelske styresmakter understrekar at dei ikkje trur at det blei skote mot dei med vilje, men at det var snakk om eit skot på avvege frå kampane internt i Syria.

Tysdagens hending var femte gongen på ei veke, idet kampane i Syria er i ferd med å gå utover den sørlege grensa. Israel har stort sett halde seg utanfor konflikten i Syria, men har slått tilbake mot syriske posisjonar når det har vore syrisk eld på avvege.

Golanhøgdene er eit omstridd område på grensa mellom Syria og Israel. Israel annekterte store deler av området under seksdagerskrigen i 1967, og det har sidan 1973 vore ei buffersone her under overvaking av FN. Israelsk anneksjon er ikkje internasjonalt anerkjent.

Dette skjer også etter at ei midlertidig våpenkvile forhandla fram av Russland og USA blei sett i verk måndag kveld. Våpenkvilen ser ut til å halde, ifølge meldingar tysdag morgon.

saka blir oppdatert

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt