Utsegna om at Israel vil utslette heile organisasjonen Hamas kjem etter at Israel i går prøvde å drepe den åndelege leiaren i Hamas, Sjeik Yasin, gjennom eit rakettangrep mot eit hus i Gaza by der han sat i møte med fleire andre Hamas-leiarar. Yassin vart berre lettare skadd.
Israels utanriksminister Silvan Shalom vil utvise Yasir Arafat frå dei palestinske områda. (Getty Images)
Utslette
- Vi vil utslette heile Hamas. Vi ser ikkje noko skilje mellom ei militær eller ei politisk grein av denne terrororganisasjonen, seier regjeringskjelda, som krev å få vere anonym, til nyheitsbyrået AFP. - Ingen av terroristane må tru at dei er immune mot angrep, seier han.
Samstundes gjentek leiande medlemer i den israelske regjeringa kravet om at Yasir Arafat skal utvise Yasir Arafat frå dei palestinske områda. Sist ute er utanriksminister Silvan Shalom.
- Eg trur ei utvisning av Arafat ikkje lenger er til å unngå, etter at han i mange år har vore innblanda i terrorisme, sa Shalom til israelsk radio i dag tidleg. Helseminister Danny Neveh gav uttrykk for dei same synspunkta i eit anna intervju i israelsk radio. Tidlegare denne veka sa forsvarsministeren at han gjekk inn for å utvise Arafat.
Fleirtal
Det skal vere fleirtal i den israelske regjeringa for å utvise Arafat, men landet si tryggingsteneste har åtvara sterkt mot dette. Tryggingstenesta fryktar at Arafat kan gjere meir skade mot Israel i eksil enn han kan gjere i Ramallah.
Både Israel og USA har gjort det klart at dei ikkje vil forhandle med Yasir Arafat eller nokon av hans nære medarbeidarar. Begge landa hadde sett si von til at Mahmoud Abbas skulle vinne maktkampen med Yasir Arafat, og at det skulle bli mogleg å få til ein fredsavtale.
Shimon Peres er leiar for det israelske Arbeidarpartiet.
Shimon Peres, leiar for det israelske Arbeidarpartiet og tidlegare utanriksminister, meiner at ei utvising av Arafat vil slå tilbake på Israel. Peres kritiserer også attentatet på den åndelege leiaren i Hamas, Sjeik Yassin.
Lovar hemn
Sjeik Yassin, den åndelege leiaren for Hamas, sa til tilhengjarar som samla seg utanfor bustaden hans i Gaza by i dag at Israel skal lære seg ei forgløymeleg lekse.
- Vi skal stå imot og gi fienden ei lekse han aldri vil gløyme. Israel skal få betale dyrt, sa han blant anna. Han gjorde det klart at den væpna greina av Hamas, Qassam-brigadane, vil avgjere kvar og når hemna skal kome.
Høg beredskap
Israel har i dag stengd grensene til Gazastripa og Vestbreidda for palestinarar, i frykt for palestinske hemnaksjonar etter attentatet mot Yassin i går.
Politi og tryggingsstyrkar er utplasserte på busstasjonar og kjøpesenter, og det er oppretta ekstra kontrollpostar på alle vegar inn til dei større byane.
Trekte seg
I går trekte Mahmoud Abbas, eller Abu Masen som han også blir kalla, seg som statsminister, og Yasir Arafat godtok seint i går kveld avskjedsøknaden. Abbas skal leie eit forretningsministerium fram til det er utpeikt ei ny regjering, truleg vil dette ta rundt to veker.
Palestinarane sin forhandldingsleiar Saeb Erakat seier i dag at Yasir Arafat truleg kjem til å be Mahmoud Abbas om å danne ei ny regjering. Erakat er rekna for å ha eit nært forhold til Arafat.
- Det viktigaste no er at vi vil følgje vegkartet for fred, sa Erakat i eit intervju med BBC i dag.