Hopp til innhold

Israel vil lamme Iran

–Iran må lammast med raske sanksjonar etter at dei starta oppriking av uran i dag, meiner statsminister i Israel, Benjamin Netanyahu.

Benjamin Netanyahu

VIL LAMME IRAN: –Verdssamfunnet kan ikkje vente lenger. Iran må ikkje få utvikle atomvåpen, seier den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu.

Foto: SEBASTIAN SCHEINER / AP

-Iran hastar vidare mot å kunne produsere atomvåpen. Sanksjonar kan ikkje vente. Dei må kome no, for å lamme landet, seier Netanyahu.­

Iran kunngjorde i dag at dei startar produksjonen av opprika uran. Dei har tidlegare klart å produsere uran opprika til 3,5 prosent, men vil frå no av produsere uran opprika til 20 prosent.

Fryktar iranske aromvåpen

Vestlege land fryktar at Iran kome nærare å produsere eigne atomvåpen. For å klare det, må uran bli opprika til meir enn 80 prosent.

Iran seier dei vil bruke opprika uran til fredelege føremål, men blir ikkje trudd. Både USA og Frankrike krev skjerpa sanksjonar mot Iran etter at landet. Den amerikanske forsvarsministeren Robert Gates opnar for at enkeltland kan ta eit sterkare standpunkt mot Iran enn dei eventuelle sanksjonane.

–Grense for alt

Heller ikkje Russland avviser å auke presset mot Iran.
–Handlingane til Iran sår tvil om føremålet, og den tvilen er velgrunna. Diplomati er viktig, men det er ei grense for alt, seier sekretæren i tryggingsrådet til den russiske presidenten, Nikolaj Patrusjev.

Kina har vist atterhald mot å leggje sterkare sanksjonar på Iran, og meiner partane må forhandle for å kome til ei avtale.

SISTE NYTT

Siste nytt