Hopp til innhold

Israel varslar hundrevis av nye hus i busetjingar

Israel seier søndag at dei godtek bygginga av fleire hundre nye hus på Vestbreidda.

Den jødiske landsbyen Maale Adumim på Vestbreidda

Den jødiske landsbyen Maale Adumim på Vestbreidda, nær Jerusalem.

Foto: AMMAR AWAD / Reuters

Det er gjeve løyve til å byggja fleire hundre nye hus ved fire av dei største jødiske busetjingane på Vestbreidda: Gush Etzion, Maale Adumim, Ariel og Kiryat Sefe.

Palestinarane sin forhandlingssjef Saeb Erakat fordømmer byggjeplanane på det sterkaste.

Småbarnsfamilie drepen

Godkjenninga kjem ein dag etter at einjødisk familie på fem vart drepen av ein palestinar medan dei sov.

Drapsmannen tok seg laurdag inn i den israelske busetjinga Itamar, som ligg i nærleiken av den palestinske byen Nablus på Vestbreidda.

Dei drepne var ein tre månader gamal jentebaby, to gutar på 11 og 14
år og foreldra deira.

Benjamin Netanyahu

Statsminister i Israel, Benjamin Netanyahu, er rysta over drapet på ein jødisk småbarnsfamilie laurdag. Søndag gav han klarsignal til å byggja fleire hundre nye hus i busetjingar på Vestbreidda.

Foto: DAVID VAAKNIN / AP
Fryktar hemndrap

Israelsk politi er søndag i høg beredskap og frykter hemn­­åtak etter drapet.

Statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu, sa etter åtaket at
han var djupt forferda og sjokkert, men bad folk om å vera tilbakehaldne.

– Trass i den fryktelege smerta, ber eg alle israelarar om å handla på ansvarleg vis, og ikkje ta lova i eigne hender. Hæren og tryggingsstyrkane kjem til å uføra pliktene sine, og berre dei.