Hopp til innhold

Israel varslar kraftig hemn

Israel varslar ein hard reaksjon på angrepet på ein israelsk grensepatrulje nær Gazastripa i går, der ein offiser vart drepen og tre soldatar vart såra.

Israel bomba smuglartunnelar ved Rafah.

Det vart berre materielle skadar etter bombinga i natt.

Foto: SAID KHATIB / AFP

Hæren arbeider med førebuingane, seier statsminister Ehud Olmert.

Olmert samla det mektige tryggingskabinettet i regjeringa i dag for å vurdere korleis Israel skulle svare på angrepet.

Alt tyder på at Israel vil gå til nye harde angrep mot Gazastripa for å svekkje Hamas ytterlegare, og for å vise at landet ikkje tolererer angrep over grensa.

Det var i natt nye israelske flyangep på smuglartunnelar mellom Egypt og Gazastripa. Ingen vart skadd i angrepa, opplyser palestinske kjelder.

Å få øydelagt tunnelane var eit av hovudmåla for den israelske krigen mot Hamas, som starta 27. desember i fjor.

Det at forsvarsminister Ehud Barak har utsett eit besøk hos sin amerikanske kollega i Washington, er noko som peikar i same retning. Barak skulle eigentleg ha reist til USA alt i dag.

Dei siste dagane har det blitt klart at mange av desse tunnelane er fullt operative igjen, og meldingar frå Gazastripa i føremiddag seier at arbeidet med tunneleane er i full gang igjen etter bombinga i natt.

Innyggjarane på Gazastripa brukar tunnelane til å smugle inn alt frå mat og brensen til våpen.

Video: - Israel ønsker ikke fredsavtale.

Video nsps_upload_2009_1_28_8_20_59_417.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I føremiddag kom den president Barack Obamas spesialutsending til Midtausten, George Mitchell, til Jerusalem, etter at han først hadde møtt Egypts president Hosni Mubarak i Kairo.

Her sa Mitchell at det viktigaste no er å sikre at våpenkvila på Gazastripa blir styrkt og samkøyrt mellom partane.

President Mahmoud Abbas langar ut mot Israel

President Mahmoud Abbas langar ut mot Israel.

Foto: FADI AROURI / REUTERS

Samstundes har den palestinske presidenten Mahmoud Abbas gått til harde utfall mot Israel og krigføringa på Gazastripa. På ein pressekonferanse i Ramallah i går kveld sa han blant anna at den israelske offensiven mot Gazastripa viser at leiarane i landet ikkje ynskjer nokon fredsavtale.

I morgon får Abbas besøk av George Mitchell.

1300 palestinarar vart drepne i dei israelske angrepa mot Gazastripa i perioden 27. desember til 21. januar.

SISTE NYTT

Siste nytt