Hopp til innhold

Israel ut av Beit Hanoun

Dei israelske styrkane som har gjennomført ein storstilt militæraksjon i Beit Hanoun på Gazastripa, trekte i natt seg ut av byen.

Dei israelske styrkane har trekt seg ut av Beit Hanoun på Gazastripa.
Foto: AMMAR AWAD / REUTERS

52 palestinarar er drepne i militæraksjonen i og rundt Beit Hanoun, over halvparten av dei tilhøyrde militante grupper. Også ein israelsk soldat er drepen i kampane.

Offensiven er den største på Gazastripa på fleire månader. Målet var å stanse rakettangrep mot Israel frå dette området.

 

Mor og son framfor det øydelagde huset sitt i Beit Hanoun på Gazastripa.
Foto: MOHAMMED SALEM / REUTERS

 

Seks drepne i dag

Valdshandlingane held likevel fram på Gazastripa. I dag er seks palestinarar drepne av israelske soldatar . To væpna menn som tilhøyrde Islamsk heilag krig Jihad vart drepne i Sidniya på kysten, ikkje langt frå Beit Hanoun.

Aust for flyktningleiren Jabilya vart ein mann og ei kvinne drepne då huset dei oppheldt seg i vart treft av ein granat. Den israelske hæren seier at dei skaut tilbake etter at det vart skote propelldrivne ganatar mot israelske soldatar i området.

Ein femte palestinar vart drepen i ei skotveksling i same området, og i ettermiddag vart ein mann drepen i ein skyteepisode nord for Gaza by.

- Oppnådde måla

- Militæraksjonen i Beit Hanoun er avslutta. Vi har oppnådd dei måla vi hadde med aksjonen, seier ein israelsk militær talsmann. Han fortel at hæren har teke beslag i store mengder rakettar, antitank-våpen, eksplosivar og andre våpen under den seks dagar lange militæroffensiven.

Militante palestinarar har skote 36 rakettar inn i Israel frå dette området sidan den israelske militæraksjonen vart innleidd sist onsdag.

Innbyggjarar i Beit Hanoun stadfestar at dei israelske soldatane har trekt seg ut av byen, men seier at det framleis er stridsvogner i utkanten av byen.

Det er 30.000 innbyggjarar i Beit Hanoun, ein by som ligg tett opp til grensa mellom Gazastripa og Israel.

Øydeleggingar

Då det lysna av dag strøymde fleire tusen menneske ut i gatene i byen, etter at det har vore portforbod sidan sist onsdag. I dag kunne dei sjå på øydeleggingane som har ramma bygningar, vegar, vassleidningar og elektrisitetsforsyninga.

I går kveld var det eit møte mellom statsminister Ismail Haniyeh frå Hamas og president Mahmoud Abbas frå Fatah, i eit forsøk på å bli samde om ei ny regjering.

Dei to leiarane sat i møte i to timar i Gaza by i går kveld, etter meldingar tidlegare på dagen om at det no var semje mellom partane om ei ny regjering.

Ikkje gjennombrot

Men møtet i går kveld vart ikkje noko gjennombrot. Abbas godtok ikkje Hamas sitt forslag til ein ny statsminister, og samtalane skal halde fram i dag.

Ein talsmann for Abbas seier at det er godt håp om ein avtale om ei ny regjering anten i dag eller i morgon.

Det internasjonale samfunnet nektar å samarbeide med ei regjering som er utgått frå Hamas, fordi organisasjonen nektar å godta Israel sin rett til å eksistere.

Dette har ført til at nesten all internasjonal hjelp til dei palestinske områda har stansa opp, og ved å utnemne ei ny regjering håpar Mahmoud Abbas at palestinarane igjen kan få internasjonal hjelp.

 

Abbas og Haniyeh diskuterer danning av ei ny palestinsk regjering.
Foto: ABD ALHALIM ABU ASKAR / AP

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt