– Neste gong Syria tar i bruk luftvernsystem mot våre fly, så kjem vi til øydeleggje dei utan å nøle, er den klare beskjeden frå forsvarsminister Avigdor Lieberman.
Den kjem to dagar etter at syriske styrkar skaut fleire luftvernrakettar inn i israelsk luftrom, mot israelske kampfly som hadde gått til åtak mot mål i Syria.
Det syriske forsvaret hevda at dei skaut ned eitt av dei israelske kampflya nær byen Palmyra. Det israelske forsvaret nektar for at nokon av flya deira vart trefte eller skotne ned.
Kamp mot Hizbollah
Dei siste åra har israelske kampfly utført ei rekkje åtak i Syria. Styresmaktene i Jerusalem hevdar at desse har vore retta mot den libanesiske Hizbollah-militsen, som kjempar på same side som president Bashar al-Assad.
Statsminister Benjamin Netanyahu stadfesta seinast på fredag at israelske fly hadde vore på vingane over Syria. Det vert hevda at dei gjekk til åtak mot våpensendingar på veg til Hizbollah.
Lieberman seier at dei ikkje ønskjer at avanserte våpen skal bli transporterte frå Syria og inn i Libanon.
– Kvar gong vi oppdagar ei slik våpensending kjem vi til å jobbe for å stoppe den. Her er det ingen kompromiss, seier Lieberman, ifølgje CNN.
Grensekonflikt
Konflikten mellom Israel og Syria går langt tilbake. I 1967 okkuperte israelske styrkar dei syriske Golan-høgdene, og tok kontrollen over området i 1981.
Verdssamfunnet godtek ikkje den israelske okkupasjonen og annekteringa. Fleire FN-resolusjonar har kravd at Israel trekkjer seg tilbake med det same.
Israels statsminister Netanyahu har sagt at Israel aldri kjem til å gje frå seg dei omstridde Golan-høgdene til Syria. Han vil heller ikkje justere grensene mellom dei to landa.