NRK Meny
Normal

Israel truar Hamas-sjefar

Israels forsvarsminister Amir Peretz truar Hamas-leiarane med at dei må betale ein høg pris for rakettangrepet mot Israel i dag, der ei kvinne vart drepen.

Ei kvinne vart drepen og ein mann alvorleg skadd i angrepet mot Sderot i dag tidleg.
Foto: AMIR COHEN / REUTERS

Både regjeringspartiet Hamas og Islamsk heilag krig har teke på seg ansvaret for angrepet mot den israelske byen Sdereot, heimbyen til Peretz.

Minst ein av rakettane trefte i nærleiken av huset til Peretz, og ein av tryggingsvaktene som passar på huset vart alvorleg skadd.

Sderot ligg berre fem kilometer frå grensa til Gazastripa.  

 

Forsvarsminister Amir Peretz lovar kraftig hemn etter rakettangrep mot Israel.
Foto: STR / REUTERS

Hemnangrep

Ein talsmann for Hamas seier at angrepet var hemn for det israelske angrepet mot byen Beit Hanoun på Gazastripa onsdag for ei veke sidan, der 19 sivile vart drepne. Fleire av dei var born.

Israelske styresmakter har bede om orsaking for dei sivile tapa, og skuldar det på styringsfeil på rakettane som vart brukte. Målet for angrepet var palestinarar som skaut rakettar mot Israel.

 - Desse organisasjonane vil betale ein høg pris for dette. Vi skal ta dei som står bak rakettangrepa. Vi skal starte med leiarane og så gå nedover til vi har teke den siste av terroristane deira, sa Amir Peretz til journalistar i Jerusalem i føremiddag.

Nær huset til Peretz

Ei 58 år gammal kvinne vart drepen av ein rakett på opa gate i Sderot, og ein 24 år gammal mann, som altså er tryggingsvakt utanfor huset til Peretz, vart hardt såra.

Dette er første gong sidan juli i fjor palestinske rakettangrep mot Israel har teke menneskeliv. Men det har vore avfyrt rakettar nesten dagleg, og dei fører ofte til materielle skadar.

Angrepet i dag har ført til sterke reaksjonar i Israel, og fleire politikarar ber no om at hæren blir gitt vide fullmakter for å stanse rakettangrepa for godt. Fleire seier at ein reokkupasjon av delar av Gazastripa er einaste løysinga.

Det vart også skote rakettar mot industribyen Ashkelon i dag, og ein ung mann vart lettare såra i angrepet.

 

 

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt