Dette skjer etter at palestinske styresmakter har utplassert fleire tusen tryggingssoldatar i grenseområda mot Israel. Deira hovudoppgåve er å hindre militante palestinarar i å gjennomføre angrep mot israelske mål.
I går kveld sa statsminister Ariel Sharon at han sjansen no er stor for eit historisk gjennombrot i fredsprosessen med palestinarane.
- Det blir slutt på offensive operasjonar på Gazastripa der det er utplassert palestinske tryggingsstyrkar, der det er roleg, og der det ikkje er terrorist-aktivitetar mot israelske sivile og soldatar, sa hærsjefen Moshe Yallon i ei fråsegn i dag.
Han har også gitt ordre om at offensive operasjonar på Vestbreidda berre skal setjast i verk dersom det er ein akutt fare fore terroraksjonar.
Tidlegare denne veka vart det utplassert rundt 2500 palestinske tryggingssoldatar på den nordlege delen av Gazastripa. I dag vart nye 2000 utplasserte på den sørlege delen av Gazastripa, også på den viktige grenseovergangen mellom Gaza og Egypt.
Dette området er ikkje patruljert av palestinske styrkar sidan 2001.