Israel riv palestinske heimar – EU krev stans

Israelske arbeidsstyrkar begynte måndag raseringa av fleire palestinske heimar aust i Jerusalem.

Riv bygning

Israelske arbeidarar riv ein palestinsk bygning. Bygningane som skulle bli rivne, hadde tidlegare om morgonen blitt sperra inne av fleire hundre israelske politi og militære.

Foto: Mahmoud Illean / AP

Rivinga er ein av dei største operasjonane av sitt slag på fleire år, skriv nyheitsbyrået AP.

Journalistar blei hindra i å nå bygningane, mens innbyggarane og aktivistar blei dratte ut av heimane, melder det franske nyheitsbyrået AFP.

– Eg vil døy her, ropte ein mann etter han blei tvinga ut.

Leiar av det palestinske departementet for sivile saker, Hussein al-Sheikh, kallar rivinga for eit brotsverk og forlanger at verdssamfunnet grip inn.

EU seier måndag ettermiddag at rivinga underminerer håpet for varig fred i regionen og krev at rivinga stoppar med ein gong. Dei kallar rivinga ulovleg og eit brot på folkeretten.

– Stein for stein bygde eg dette huset. Draumen min var å bu i det. Nå mister eg alt, sa Tareq al-Wahash med gråtkjøvd stemme mens ein bulldosar øydela det uferdige huset hans.

Han uttalte til nyheitsbyrået Reuters at han hadde løyve til å bygge frå palestinske sjølvstyrestyresmakter.

– Eg trudde eg gjorde det riktig, sa al-Wahash.

Meiner bygningane er ein risiko

Palestinske styresmakter er redde for at rivinga vil sette presedens og at ho er ein unnskyldning for å presse palestinarar ut av området.

Det har vore ein lang rettsstrid om dei palestinske bygningane, som israelske styresmakter meiner er bygde ulovleg og står for nære separasjonsmuren ved den israelskokkuperte Vestbreidda.

Like etter at israelsk høgsterett gav klarsignal om at rivinga kunne starte, flytta arbeidsstrykar inn i nabolaget. Innbyggarane skal ha fått 30 dagars varsel frå israelske styresmakter.

Måndag morgon knuste store anleggsmaskinar taka på fleire bygningar, mens gravemaskinar rydda i restane etter bygningane.

Folka som bur i bygningane seier at dei står på Vestbreidda og at dei palestinske sjølvstyrestyresmaktene gav dei løyver til å bygge.

Palestinarar ser på rivinga

Palestinarar ser på rivinga av ein bygning.

Foto: Hazem Bader / AFP

Gilad Erdan, minister for offentleg sikkerheit i Israel, seier at bygningane blei sette opp ulovleg like ved tryggingsgjerdet, og at dei er ein risiko for sivile liv og sikringsstyrkar.

Han la til at rivinga skal vere ferdig i løpet av måndag.

Innbyggarane fryktar at ytterlegare 100 bygningar i ein lik situasjon i same område òg er i fare for å bli rivne i framtida.

– Vi kjem til å hamne på gata, seier Ismail Abadiyeh som bur med familien i ein av dei trua bygningane.

Påverkar fleire hundre

FN sitt kontor for nødhjelp, OCHA, seier at den israelske rettsavgjerda gjeld for om lag 70 leilegheiter som enten står ferdige eller under bygging.

17 personar har blitt kasta ut av heimane sine som følge av rivinga. Samtidig blir 350 personar som ikkje har flytta inn i bygningane, ramma, melder FN.

– Det smertefulle som skjer her, er den største og mest farlege rivingsoperasjonen utfor krigsoperasjonar, seier Walid Asaf, palestinsk minister for overvaking av israelske busettingar.

Palestinsk demonstrant

Ein palestinsk demonstrant spring vekk frå tåregass som dei israelske styrkane skaut i retning ein protest mot rivinga på laurdag.

Foto: Mussa Issa Qawasma / Reuters

Okkupert av Israel

Under Seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel Aust-Jerusalem og Vestbreidda. Aust-Jerusalem er sidan den gong, annektert av Israel, men verdssamfunnet ser framleis på begge områda som okkuperte.

Palestina vil ha områda som ein del av ein framtidig sjølvstendig palestinsk stat.

Tidleg på 2000-talet bygde Israel separasjonsmuren, som dei sjølv kallar eit tryggingsgjerde. Gjerdet, seier dei, er for å hindre palestinske sjølvmordsbombarar frå å nå Israel frå Vestbreidda.

Palestina seier på si side at muren er ulovleg og at han mange stader er bygd på land på Vestbreidda.

Israel skal ha rive 63 palestinske bygningar første halvår i 2019. For same periode i 2018 hadde dei rive 37 bygningar.

Palestinske innbyggarar i Aust-Jerusalem hevdar at det er nærast umogleg å få byggeløyve frå israelske styresmakter.

SISTE NYTT

Siste nytt