NRK Meny
Normal

Israel mobiliserer for å unngå straff

Benjamin Netanyahu tryglar USA om hjelp for å avverja ei eventuell palestinsk rettsforfølging i Den internasjonale strafferettsdomstolen i Haag.

Obama og Netanyahu

Statsminister Benjamin Netanyahu ber USA om hjelp for å unngå rettsforfølging etter påstandar om krigsbrotsverk i Gaza.

Foto: Charles Dharapak / Ap

Ferske utsegn frå den palestinske sjølvstyremakta om at dei går inn for å få medlemsstatus i Den internasjonale domstolen i Haag (ICC) skapar uro blant israelarane og har sendt Netanyahu på friarferd til USA.

– Kampane har snart gått føre seg i ein månad. Me har ikkje lenger eit anna val enn å prøva å få Israel stemna inn for ICC, sa den palestinske utanriksministeren Raid al-Malki etter eit møte med ICC-aktorar tysdag denne veka.

Dagen etter var dette tema i samtalar mellom den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu og amerikanske Kongressmedlemmer, melder New York Post.

Hevdar å ha ei sterk sak

Riad al-Malki

Den palestinske utanriksministeren Raid al-Malki vil ha Israel dømd for krigsbrotsverk i Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Netanyahu ber USA slå ring om Israel i ei eventuell rettssak med skuldingar om krigsbrotsverk i den nyoppblussa konflikten på Gazastripa.

– Statsministeren vil inngå eit samarbeid med oss for å forsikra at ICC-strategien mislukkast, seier den amerikanske demokraten Steve Israel til avisa.

Eit palestinsk ICC-medlemskap vil nemleg gje domstolen myndigheit til å forfølgja lovbrot i palestinsk territorium.

USA er ein trufast støttespelar for Israel i Midtausten-konflikten, men i dei seinaste kampane i Gaza har også Det kvite hus retta uvanleg sterk kritikk mot sin nært allierte for «uverdige» åtak på sivile.

I løpet av fire veker med kampar er 1894 palestinarar drepne. Ifølgje FN er over 70 prosent av desse sivile offer. Fleire FN-skular er bomba og fleire hundre born drepne. På israelsk side har konflikten kosta 67 menneske livet – nesten alle soldatar.

– Det er enkelt for oss å byggja ei sak. Israel har openbart brote internasjonal rett, meiner den palestinske utanriksministeren al-Malki.

Barn på Gaza

Al-Tufah-distriktet i Gaza by etter fire veker med israelsk bombardement. Også USA har kritisert Israel for uakseptabel framferd i kampane på Gazastripa dei siste vekene.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Professor: – Vil få medlemskap

Palestinarane har også tidlegare forsøkt å få Israel granska av ICC for krigsbrotsverk i palestinske område, blant anna under krigen på Gazastripa i 2008/2009.

Den gongen blei førespurnaden avvist av domstolen, ettersom palestinarane ikkje har ICC-medlemskap, og ikkje kunne få det utan at FN anerkjende Palestina som ein stat.

Anerkjenninga kom i 2012, då Hovudforsamlinga i FN vedtok at Palestina er å rekna som ein eigen stat med observatørstatus.

Alt talar no for at ein eventuell søknad vil bli innvilga og at Israel dermed kan hamna på tiltalebenken i Haag.

– ICC vil akseptera ein eventuell søknad frå Palestina, seier professor i internasjonal juss og tidlegare FN-spesialutsending til palestinsk territorium John Dugard til Reuters.

– FN har talt og har anerkjend Palestina som ein stat. Dermed må ICC føya seg etter dette. Eg ser ikkje korleis dei skal kunne motsetja seg det, seier professoren.

Hamas risikerer straff

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag

Også dei palestinske sjølvstyremaktene risikerer rettsforfølging og straff dersom dei vel å bli medlem av Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC).

Foto: MICHAEL KOOREN / Reuters

Sjølv om alle juridiske hinder for palestinsk ICC-medlemskap er rydda av vegen, er dette eit tviegga sverd og ein intern verkebyll blant dei palestinske fraksjonane.

Palestinarane risikerer nemleg også rettsforfølging dersom dei går for eit medlemskap.

Både Hamas og «Islamsk Jihad» skal nyleg ha gitt beskjed om dei ikkje stiller seg bak ein søknad. Analytikarar vurderer det som usannsynleg at Hamas snur så lenge leiarskapet kan hamna på tiltalebenken.

– Me jobbar med å overtyda dei om at der er naudsynt å gå rettens veg. Til sjuande og sist er det presidenten som bestemmer og leiarskapet som skal ta ei avgjerd, seier Hassan Al-Aouri, den juridiske rådgjevaren til president Mahmoud Abbas til radiostasjonen Voice of Palestine.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt