- Vi kunne godta det, sidan USA følger tett kva som går føre seg og veit korleis terrorismen veks og at han må nedkjempast, seier forsvarsministeren.
Han understrekar at Israel framleis er prinsipielt imot å invitere observatørar til Midtausten for å overvake ei eventuell våpenkvile mellom Israel og palestinarane.
Utanriksministrane i gruppa av dei rikaste landa i verda, G8, gjekk i går kveld inn for å sende uavhengige observatørar til dei palestinske områda. USA, som tidlegare har motsett seg dette, støtta også framlegget.
Palestinsk ønskje
I natt ba dei palestinske styresmaktene om at det straks blir sendt slike observatørar, for å verne det palestinske folket mot det dei kallar israelske overgrep.
Dette utspelet kom etter at tre palestinarar, to menn og ein tre månader gammal gut, vart skotne og drepne av israelske busetjarar like utafor den delte byen Hebron på Vestbreidda i går kveld.
Det var i natt sporadiske kampar mellom israelske soldatar og palestinarar i Hebron i natt. 17 palestinarar vart såra, ein av dei alvorleg. Skytinga starta etter angrepet mot bilen med ein palestinsk familie der tre vart drepne og fire vart skadde.
Ei gruppe som kallar seg Komiteen for vegtryggleik tok på seg skulda for udåden. Dette er ei gruppe busetjarar som meiner at den israelske regjeringa ikkje gjer nok for å stanse angrep mot israelarar frå palestinarar.
Israels statsminister Ariel Sharon har lova at dei skuldige skal bli arrestert og straffa.
Fleire busetjarar er skotne og drepne av palestinarar når dei har køyrt bil gjennom palestinske område sidan det palestinske opprøret blussa opp igjen for snart 10 månader sidan.