Hopp til innhold

Israel isolerer palestinsk leiar

Israelske myndigheiter har plassert ein av dei mest profilerte palestinske fangane i isolasjon, etter at han frå cella oppfordra til palestinsk opprør.

Marwan Barghouti eskortert av israelske fangevakter i Jerusalem

Fatah-leiar Marwan Barghouti eskortert av israelske fangevakter i Jerusalem

Foto: AMMAR AWAD / Reuters

Ifølgje fengselsmyndigheitene oppfordra den palestinske leiaren Marwan Barghouti til ei ny bølgje med sivil motstand mot det israelske regimet.

Fem livstidsdommar

Fatah-leiaren Barghouti sonar fem livstidsdommar for medverknad til drap på israelarar i okkuperte område.

Barghouti var tidlegare generalsekretær i Fatah på Vestbreidda og spelte ei sentral rolle under den andre intifadaen.

Marwan Barghouti
Foto: Eitan Hess-Ashkenazi / Ap

LES: Israel løslot 550 fanger etter Shalit-avtalen

LES: Sterke reaksjoner mot løslatelse av palestinere med «blodige hender»

Han har også blitt dregen fram som ein mogleg arvtakar etter den palestinske presidenten Mahmoud Abbas.

Ein av mange i israelske fengsel

Den palestinske sjølvstyrarmyndigheita gir opp at det i dag sit 5800 palestinarar i israelske fengsel.

Blant dei er 35 kvinner, 285 mindreårige og 260 som sit utan dom, i det israelarane kallar administrativt fangenskap.

Fengselsmyndigheitene i Israel har ovanfor den israelske menneskerettsorganisasjonen B'Tselem gitt litt andre tal, men også der er talet i overkant av 5000 fangar.

LES: Palestiner sultet seg til frihet

LES: – Åtte drept i israelsk angrep på Gazastripen

22 av dei innesperra er medlemar av det palestinske parlamentet, av dei 19 som er knytt til Hamas.

Ifølgje ein talsmann for fengselet, er leiaren Barghouti plassert i isolasjon i ei veke som straff for å ha oppmoda til opprør.

SISTE NYTT

Siste nytt