NRK Meny
Normal

Israel inntok ny by i Sør-Libanon

Israelske styrkar gjekk i kveld inn i byen Bint Jeibel i Sør-Libanon, ein viktig by for Hizbollah-geriljaen.

Israelske soldatar i kamp
Foto: David Guttenfelder / Scanpix/AP

Ein talsmann for FN-styrken i Sør-Libanon, Milos Strugar, seier til nyheitsbyrået AFP i kveld at det er sporadiske kampar i og rundt byen.

Bint Jeibel blir rekna for å vere ein viktig maktbase Hizbollah-geriljaen.

Milos Strugar seier at innbyggjarane i Bint Jibel er i ein vanskeleg situasjon, fordi dei har kome i krysseld mellom israelske soldatar og Hizbollah-geriljaen.

Byen ligg berre nbokre få kilometer frå grensa, og ligg nær Marun al-Ras, eit strategisk viktig høgdedrag som dei israelske styrkane inntok sist laurdag.

Israels forsvarsminister Amir Peretz sa tidlegare i dag at landet ser seg nøydd til å okkupere ei buffersone i Sør-Libanon, for å hindre angrep mot Israel frå Hizbollah-geriljaen. Israel vil halde dette området heilt til ein internasjonal fredsstyrke kan ta over, sa han.

Israelske styresmakter har førebels ikkje kommentert meldingane om at landet sine militære styrkar har innteke Bint Jeibel.

Bakkekampane i Sør-Libanon i dag har vore dei hardaste sidan krigen starta 12. juli, då Hizbollah gjekk til angrep på israelske soldatar i Nord-Israel. Åtte israelske soldatar vart drepne og to vart bortførde.

Dette utløyste igjen kraftige israelske angrep på Libanon.

Soldatar ser på eksplosjon
Foto: Tsafrir Abayov / Scanpix/AP

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt