Hopp til innhold

Israel innfører «norsk» lov for å bli meir effektive

Det israelske parlamentet, Knesset, vedtok i går ei lov som dei kallar for ei «norsk lov». Forslaget fører til at regjeringsmedlem kan trekke seg frå sine verv i parlamentet om dei vil.

ISRAEL-POLITICS/ A general view shows the plenum during a session at the Knesset, the Israeli parliament, in Jerusalem

Knesset skal no bli meir produktivt om ting går slik israelske politikarar håpar på. For no skal ministrar og statssekretærar sleppe å sitte som parlamentsmedlem om dei ikkje vil. Dermed kan både dei og arbeidet i Knesset bli meir produktivt.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

Lovane som no skal bli innført i Israel bygger på ein skandinavisk modell. Lova opnar for at regjeringsmedlem kan trekke seg frå Knesset, det israelske parlamentet, og likevel vende tilbake om dei skulle miste sitt regjeringsverv.

Håper på meir aktivt parlament

Håpet er at dette skal skape eit meir aktivt parlament, og at regjeringsmedlemmene skal kunne få konsentrere seg om sitt daglege virke som minister eller statssekretær.

Det er også håp om at dei ulike komiteane i Knesset skal fungere betre om parlamentsmedlemmene er meir dedikerte til si rolle.

Regjeringsmedlemmene er ikkje nøydde til å trekke seg som parlamentsrepresentant, men dei kan om dei vil. Det vart også gjort endringar i forslaget fram til siste slutt, og forslaget som vart vedteke er berre mellombels, og vil gjelde for den noverande perioden.

Dermed skil lova seg litt frå den norske modellen, sjølv om lova vert kalla «den norske lova». Her til lands vert stortingspolitikarar erstatta av sine varamenn om dei vert ministrar eller statssekretærar. Dette er i stor grad eit skandinavisk fenomen.

Langvarig diskusjon

Men sjølv om den nye lova no vert innført, så var det ikkje så mange israelske ministrar som umiddelbart melde si interesse for å trekke seg frå sin plass i Knesset.

Ministrane for utdanning, finans og økonomi er venta å trekke seg, skriv den israelske avisa Haaretz.

Lovforslaget, som vart vedteke med 64 mot 51 røyster, har vore omstridd og diskusjonen går mange år tilbake i tid.

Eit opposisjonsparti, Yisrael Beytenu, har lenge ønska å innføre lovendringane. Eit motargument har vore dei auka kostnadane. For alle varamedlemmene, som i stor grad er unge politikarar, skal også ha betalt for jobben. Det vil bety ei stor auke i lønnsutgifter.

Det har også vore viktig for fleire politikarar at det skal vere mogleg å vende tilbake att til sin rolle som parlamentsmedlem om regjeringa går av, eller om dei vart fjerna som minister eller statssekretær.