Både i Jerusalem og Tel Aviv hadde folk samla seg for å sjå på fyrverkeriet under feiringa av 70-årsdagen til Israel.
Dagen er ei markering for kunngjeringa av sjølvstende av tidlegare statsminister David Ben-Gurion i 1948, og feiringa starta ved solnedgang.
I Jerusalem vart det halde ein tradisjonell fakkelseremoni, og etterpå var det utandørskonsertar og folk dansa i gatene. Feiringa skal etter planen vare til laurdag kveld.
Åtvaring til Iran
I tala si kom statsminister Benjamin Netanyahu med ei åtvaring til Iran, som Israel ser på som ein stadig større trugsel. Han sa at Israel kjem til å forsvare seg mot alle som prøver å skade dei.
– Vi veit å forsvare oss med våre eigne styrkar, det er essensen av sjølvstende. Vi er sterkare enn nokon gong, sa Netanyahu.
- Les også:
Han brukte også tala til å seie kor mykje Israel set pris på ein sterk allianse med USA.
– Vi er alle glade for den historiske avgjerda til president Trump, om å seie at Jerusalem er vår hovudstad, og for å flytte den amerikanske ambassaden hit, sa Netanyahu til stor jubel.
Jubel eller katastrofe?
Sjølvstendedagen vert markert ulikt blant israelarane og palestinarane, seier religionshistorikar, Hanne Eggen Røislien.
– Medan israelarane feirar, kallar palestinarane dagen for «nakba», eller katastrofe, og derfor er dette ein dag med mykje spenning, seier Røislien.
I tillegg til 70-årsmarkeringa har det vore mykje uro på Gazastripa dei siste vekene.
– Derfor er det interessant å sjå kva som skjer i løpet av dei neste vekene, når den amerikanske ambassaden skal flyttast frå Tel Aviv til Jerusalem, seier Røislien.