Hopp til innhold

Isolert i Polhavet: Saknar ikkje mobilen eit sekund

POLHAVET (NRK): Ho er utan mobil, utan TV, utan radio. Surfing på nettet er uaktuelt. Forskaren frå Storbritannia er på jobb i Polhavet. – Eg saknar ikkje mobilen eit sekund, seier Jennifer King.

På jobb på 83 grader nord

Forskarar frå 10 land er på tokt i Polhavet. Formålet med prosjektet, som blir leia av Norsk Polarinstitutt, er å samla data for betre å kunne lage prognosar for klimautviklinga framover.

Foto: Eivind Molde / NRK

Jennifer King er ein av rundt 20 forskarar som deltek på toktet Norwegian Young sea ICE cruise, eller N-ICE2015.

Dei er om bord på forskingsskipet Lance, som ligg innefrose i isen i Polhavet, i området mellom Svalbard og Nordpolen. Frå januar og i eit halvår framover driv skipet med isen sørover mot Framstredet mellom Svalbard og Grønland.

Forskingsskipet Lance

Norsk Polarinstitutt sitt forskingsskip Lance på 83 grader nord.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Korleis er det å vere her, isolert på 83 grader nord?

– Det er veldig bra! Eg lærer alltid noko nytt, eg ser ting eg ikkje har sett før, vi har det veldig hyggeleg her, seier King.

Langt frå folk

Forskingsskipet Lance ligg på 83 grader nord, 770 kilometer frå Nordpolen. Her er eit tjuetals forskarar i arbeid.

Foto: Eivind Molde / NRK

Langt frå familie og venner

– Kva saknar du når du lever så isolert?

– Veldig lite. Først og fremst familie og venner, så klart, men det er vel det heile, eigentleg. Det er flott å få eit avbrekk frå "den verkelege verda".

– Kva med mobilen?

– Eg saknar den ikkje eit sekund. Det er så fredeleg og roleg utan alt det der.

– Kva driv de med om kveldane?

Slappar av etter ein lang dag

Arbeidsdagen er over, og forskarane Jennifer King (tv.) og Polona Itkin slappar av på Lance.

Foto: Eivind Molde / NRK

E-post og satellittelefon

– Det blir ein del jobb. Vi loggfører data som er samla inn i løpet av dagen, og vi har vanlegvis eit møte kl. 21 for å planleggje opplegget for neste dag. Då fordeler vi isbjørnvakter og kartlegg kven som har behov for praktisk hjelp av ulikt slag. Og så ser vi på film. Eller vi står oppe på brua og ser ut over isen, ser om det har komme sprekkar i isen, ser etter isbjørn. Og vi sjekkar e-post, så klart.

Isbjørnvakta passar på

Isbjørnvakter følgjer nøye med når forskarane jobbar ute på isen på 83 grader nord. Ein veit aldri når isbjørnen dukkar opp.

Foto: Margret Helland / NRK

For e-post har dei tilgang til på båten. Og dei kan ringje i satellittelefon. Men det er også det heile. TV og radio har dei ikkje. Kontakten med Internett går via satellittelefon. Surfing på nettet er derfor uaktuelt. Det er dyrt, og det kan ta både fem og ti minutt å laste ned framsida på ei nettavis.

Formålet med forskingsprosjektet, som blir leia av Norsk Polarinstitutt, er å samla data for betre å kunne lage prognosar for klimautviklinga framover. Det er i svært liten grad forska så langt nord i Polhavet tidlegare.

Følgjer isen eit halvt år

I og med at skipet er innefrose, kan forskarane følgje utviklinga samanhengande over eit heilt halvår. Dei gjer omfattande målingar av havet, isen, snøen og atmosfæren. Lance er basen.

Lance i isen

Norsk Polarinstitutt sitt forskingsskip Lance er base for forskarane på jobb i Polhavet.

Foto: Margret Helland / NRK

Arbeidsdagen, som går frå 08.00 til 20.00, bruker forskarane ute på isen. Der er det sett opp ei lang rekkje instrument og det er bora hol i isen for at forskarane skal kunne ta prøver. Dykkarane har sitt eige telt, mens andre måler kor tjukk isen er, og set ut GPS-bøyer som skal følgje isen.

– Skipet driv naturleg med isen. Det varierer frå nokre få kilometer til 30–40 kilometer på det meste. I snitt driv vi 15–20 kilometer i døgnet, fortel toktleiar John Guldahl.

– Ligg skipet stabilt i isen?

Råk i isen

Ei stor råk har opna seg like ved skipet.

Foto: Margret Helland / NRK

Dynamisk is

– Nei, isen er svært dynamisk. Det er lite is i området, og vi ser at isen bevegar seg på ein måte vi ikkje hadde rekna med. Ting kan endre seg i løpet av timar. Vi har ei stor, open råk ved sida av oss no. I løpet av siste natt dreia båten 90 grader. Heile systemet pustar.

I skruisen

I løpet av kort tid kan isflaka bli pressa så kraftig imot kvarandre at det byggjer seg opp skruis.

Foto: Margret Helland / NRK

– Tidlegare i vinter blei båten løfta opp ein meter på grunn av skruis. Isflaka pressar seg mot kvarandre, og då kan slikt skje. Men det er jo dette vi forskar på. Samtidig gir det oss utfordringar reint praktisk. Vi må på kort varsel kalle inn folk frå isen, og ta inn utstyr. Men vi er godt førebudde på å handtere det, seier Guldahl.

John Guldahl

Isen er svært dynamisk. Den kan endre seg i løpet av timar, fortel toktleiar John Guldahl.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Er det trygt å jobbe her?

– Absolutt. Det er kulde, vind og is her – og vi har isbjørn. Men vi har personell som følgjer med på isen heile tida, og vi har isbjørnvakter. Alle som er ute på isen har flytedrakter, fortel han.

Lyden av is som sprekk opp i Polhavet, på 83 grader nord.

Høyr lyden av is som sprekk opp ved Lance.

Seks veker i isen

I starten av toktet var forskarane her seks veker i strekk, no er dei her frå tre til seks veker. Dei fleste som er med no, er tilsette på korttidskontraktar hos Norsk Polarinstitutt.

Polona Itkin frå Slovenia står ute på isen med spade og isbor. Ho skal måle kor tjukk isen og snølaget er. Itkin er engasjert spesielt for dette prosjektet, og bur for tida i Tromsø. Ho var på Lance i seks veker i januar/februar, no er ho her i tre veker. Den gongen var det mørkt døgnet rundt, og ned til 40 minusgrader. No er det midnattssol.

Polona Itkin har rifla med på isen

Forskar Polona Itkin har rifle og signalpistol med seg når ho jobbar på isen. Her må ein vere på vakt.

Foto: Eivind Molde / NRK

Ho er godt innpakka i varme klede, for ute er det minus 20 og vind. Signalpistol og rifle er med.

– Vi må vere på vakt og passe oss for isbjørn. Eg er ikkje redd, men eg er forsiktig, seier ho.

– Kvifor for er du her?

– Dette er eit fasinerande prosjekt å vere med på. Eg ville gjerne delta for å lære meir. Det er ein unik sjanse for meg til å studere isen i denne delen av Arktis, seier ho.

– Kva er spesielt med å vere her?

Ung is

– Vi opplever det som skjer på nært hald, vi er tett på, vi ser det med våre eigne auge. Dette er noko heilt anna enn å sitje på kontoret. Eg har aldri lært så mykje på så kort tid før. Eg lærer noko nytt kvar einaste dag. Det er fantastisk å vere her. Vi jobbar meir enn 12 timar kvar dag, men det er flott! Det er meiningsfylt å kunne bidra i dette prosjektet. Det er også ei stor utfordring og eit stort ansvar.

– Kva slags endringar skjer her oppe no?

Ferdig i felt

Forskarane er ferdige med å måle isen og snødjupna. No har dei plassert ut ei bøye med GPS-sendar som skal rapportere om isflaket sin posisjon. Snart er det lunch på Lance, som vi ser i bakgrunnen. Ute er det 20 minus og vind.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Det vi ser, er at isen er yngre enn tidlegare, den har komme i løpet av ein vinter. Tidlegare "overlevde" isen i større grad frå sesong til sesong, derfor var isen tjukkare. Dette er ei av dei store endringane vi ser i Polhavet no. Lenger nord, i dei sentrale delane av Polhavet er det framleis fleirårsis, men ikkje her på 83 grader.

På 83 grader nord, mellom Svalbard og Nordpolen, ligg forskingsskipet RV Lance innefrose i isen. Eit tjuetals forskarar frå ti land er med. Forskarane gjer omfattande målingar av havet, isen, snøen og atmosfæren. Målet med prosjektet, som blir leia av Norsk Polarinstitutt, er å samle data for betre å kunne lage prognosar for klimautviklinga framover.

Sjå Søndagsrevyens reportasje frå forskingstoktet i Polhavet.

– Kva saknar du når du er her – nesten 800 kilometer frå Nordpolen?

Vil takke familien

– Eg saknar familien min. Eg skulle ønskje eg kunne komme heim til dei kvar kveld. Men elles er alt bra her. Eg greier meg godt utan TV og mobil. Eg har det altfor travelt til å tenkje på det.

– Når eg kjem heim, vil eg takke familien min for at eg fekk vere med på dette.

Eg har ein mann og to små born heime i Tromsø. Eg gler meg til å komme tilbake til dei, seier Polona Itkin.

Og isen måler ho til 1,56 meter, dekka av eit snølag på 62 centimeter.

Landskap av is

Lance ligg ikkje stabilt i isen. Landskapet kan endre seg i løpet av timar.

Foto: Margret Helland / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt