Hopp til innhold

Island stengjer heile luftrommet

Oska frå vulkanutbrotet på Island i går kveld har spreidd seg, og Island har stengt heile luftrommet sitt for flytrafikk.

Video Vulkanutbrudd på Island

Vulkanutbrudd på Island

Oske frå vulkanen Grimsvötn.

Oska frå Grimsvötn er ikkje så finkorna som oska frå utbrotet i Eyafjällajøkulll i fjor.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / Reuters

Det betyr at det førebels ikkje går til fly til eller frå Island.

Sjef for kontrollsentralane i Avinor, Jens Petter Duestad, seier at det er islandske luftstyresmakter som vil avgjere kor lenge det blir stengt, men at radarbileta han har set tyder på at situasjonen ikkje vil endre seg dei neste 24 timane.

Dette vil få konsevensar for all flytrafikk i islandsk luftrom, også tafikk til og frå norske flyplassar.

- Fly som skal vestover, til dømes til USA, må flyge i ei anna rute langt nord eller sør for Island, seier Jens Petter Duestad, sjef for kontrollsentralane i Avinor . Han reknar med at det kan bli forseinkingar for dei som skal den vegen, men at norsk luftrom førebels ikkje er ramma av vulkanutbrotet.

LES OGSÅ: – Vi trodde ikke våre egne øyne, søylen bare vokste og vokste

20 km opp i lufta

Oskeskya frå vulkanen Grimsvötn strekkjer seg no 20 kilometer opp i lufta.

Dei nye karta Avinor har fått i løpet av natta viser spreiing av oske med høg konsentrasjon frå Island og nordover. Duestad fortel at det er luftfartsstyresmaktene på Island som vil styre all omdirigering av flytrafikken.

områdesjef i Avinor, Jens Petter Duestad

Jens Petter Duestad er sjef for kontrollsentralane til Avinor.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

- Det kan bli forseinkingar, men det er avhengig av kor stor trafikken er. Søndag er normalt ein dag med færre reisande enn elles i veka. Det er svært vanskeleg å seie kor mange som vil bli påverka av ruteendringane, seier han.

Geologen Hjorleifur Sveinbjørnsson ved Islands meteorologiske institutt seier til BBC at sjølv om dette er eit kraftig utbrot, så er det liten sjanse for at det blir så stort som i fjor.

Men islandske luftstyresmakter har innført eit flyforbod i ein radius på 220 kilometer rundt Grimsvötn.

Hjördis Gudmindsdottir, talskvinne ved det islandske luftfartstilsynet, seier at luftrommet er stengt til dei får betre oversikt over kva konsekvensar oskeskya vil få. Ho stadfestar at stenginga vil påverke all trafikk til og frå Island.

Oske i lufta på Island.

Det var mykje oske i lufta i nærleiken av vulkanen.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / Reuters

Under Vatnajökull

Vulkanen Grimsvötn ligg under isbreen Vatnajökull, som er den største isbreen på Island. Vulkanen ligg 100 kilometer nordaust for Eyafjällajøkull, som hadde eit stort utbrot i fjor.

Vulkanekspert Rikke Pedersen ved NORVULK seier til NRK at Grimsvötn-vulkanen har ein annan kjemisk samansetning enn Eyafjällajøkull. Det gjer blant anna at han ikkje produserer like finkorna støv som Eyafjällajøkull.

Utbrotet kjem ikkje overraskande på geologane, som har varsla at utbrot ville kome i Grimsvötn i løpet av 2011. Vulkanen, som er den mest aktive på Island, har normalt utbrot kvart femte år.

LES OM UTBROTET PÅ ISLAND I FJOR: Vulkanutbruddet på Island 2010

Oska frå vulkanen Grimsvötn stig 20 km opp i lufta.

Oske og damp frå vulkanen Grimsvötn har spreidd seg nordover, og kan på verke flytrafikken overt Atlantarhavet.

Foto: Halldora Kristen Unnarsdottir / Ap
Video ASKE-WW-220511

Se video av asken som laver ned over Island.

SISTE NYTT

Siste nytt