Sa at «islamofobi aldri har drepe nokon» – no beklagar eks-statsminister

I Australia går debatten for fullt etter fredagens terrorangrep. Statsministeren og hans forgjengar blir begge konfrontert med tidlegare utsegner.

AUSTRALIA-PROTEST

Den islamkritiske gruppa «Reclaim Australia» haldt fleire store demonstrasjonar i 2015, og har fleire hundre tusen medlem på sine Facebook-sider. Islamkritikk, innvandringsskepsis og hatretorikk er vanleg i Australia.

Foto: JASON REED

Medan norske politikarar i stor grad stod saman dagane etter 22. juli, så har ikkje det same skjedd i Australia, etter at ein australiar vart sikta for å ha drepe 50 personar i nabolandet New Zealand.

Må svare for gamle sitat

Statsminister Scott Morrison ber både folk og politikarar om å bli «betre på å vere ueinige».

– Eg vil at me skal ta avstand frå tanken om at ein person sin vinst er ein annan persons tap. Dette er ein doktrine som er eit svik mot vår sosiale og økonomiske velstand, og som skaper eit miljø for konfliktar og splid, seier Morrison ifølgje den australske utgåva av The Guardian.

AUSTRALIA-ISLAM-UNREST-FILM-US

Også muslimar har protestert, og det har vore teikn til islamsk ekstremisme i Australia. Her frå ein demonstrasjon der fleire muslimar reagerer på ein film som dei meiner spottar islam.

Foto: GREG WOOD

Men mange meiner Morrisson si oppmoding står i sterk kontrast til noko han sa tidlegare denne månaden. Då sa han at det var «enkel matte» at nykomne asylsøkarar som har behov for helsehjelp tek sjukehusplassane til australske borgarar.

Også tidlegare statsminister Tony Abbott har blitt konfrontert med eit gamalt utsegn. Han sa i juni 2017 at «islamofobi aldri har drepe nokon». Etter fredagens terrorangrep seier han at han ikkje ville sagt det same no, etter det som skjedde fredag.

Innvandringsdebatten har vore stor i Australia dei siste åra, og landet har mellom anna fått kritikk frå FN for at dei set asylsøkarar i lukka asylmottak under dårlege levetilhøve.

– Islamofobi er del av politikken vår

Mannen som er sikta for å ha utført to angrep mot to moskear er ein høgreekstremist frå Australia. Det har sjokkert mange i Australia, medan andre meiner det ikkje treng vere så overraskande.

– Australiarar spør seg korleis me kunne komme hit? Vel, islamofobi er praktisk talt halden i hevd av vår eigen politikk, skriv kommentator i The Guardian, Jason Wilson.

X80002

Operahuset i Sydney markerte i helga terrorhendinga i New Zealand ved å ha ei sølvbregne på svart bakgrunn. Bregna er New Zealands nasjonalsymbol.

Foto: STRINGER / REUTERS

Wilson meiner det er viktig å tenke over at 28-åringen er vaksen opp i eit Australia der «rasisme, framandfrykt og fiendtlege haldningar mot muslimar har blitt ein del av den folkelege kulturen».

Ein professor i antropologi ved Universitetet i Melbourne, skriv i same nettavis om korleis kvit nasjonalisme er ein del av den australske kulturen.

– Det (nasjonalisme) er ei kjensle av nedgang, ei kjensle av å vere omringa, og ei kjensle av å ha ein særrett som har eksistert lenge. Det er ein del av sjølve strukturen til det australske samfunnet, skriv professor Ghassan Hage.

Omstridd twitter-melding

New Zealand Mosque Shooting Senator

Den islamkritiske senatoren Fraser Anning fekk eit egg i hovudet av ein tenåring som tydelegvis var misnøgd med hans politikk.

Foto: AP

Det er ikkje berre kommentatorar som ytrar seg, også fleire australske politikarar har kasta seg inn i debatten dei siste dagane. Mest merksemd har senator Fraser Anning fått. Han er ein uavhengig politikar som plasserer seg langt ute på høgresida av australsk politikk.

– Er det framleis nokon som motseier samanhengen mellom muslimsk innvandring og vald, spør han i ei Twitter-melding han la ut same dag som 50 muslimar vart drepne av ein høgreekstrem terrorist.

Laster Twitter-innhold

I ei anna melding spør han om politikarar frå venstresida kjem til å vise like mykje sinne «neste gong eit muslimsk terrorangrep skjer».

Under eit direkteintervju på TV gjekk tok ein tenåring opp mobilen for å filme Anning, og kasta deretter eit egg i hovudet på politikaren. Anning svarer med å slå guten og sparke mot han. Guten vart arrestert, men etter kvart satt laus att. No har fleire starta pengeinnsamling for å dekke utgiftene tenåringen kjem til å få når saka skal gjennom rettsvesenet.

– Like ille både til venstre og høgre

Ei som høyrer til på den andre sida av politikken er Mehreen Faruqi, som tilhøyrer det grøne partiet. Ho meiner Anning, men også innanriksminister Peter Dutton, må ta ansvar etter fredagens terrorangrep.

AFP_15R1XL

Det har vore fleire demonstrasjonar utført av høgreekstreme. Her er ein som meiner du ikkje skal brukte tid på såkalla «mainstream media», og med det meiner han nettstader som til dømes NRK.no.

Foto: WILLIAM WEST

– Det er politikarar som Peter Dutton, som faktisk har bidrege til å skape ein atmosfære der hat får lov til å klekkast ut i samfunnet vårt. Dei kan ikkje riste av seg ansvaret dei har. Det dei har gjort kjem med ein kostnad, det kjem med konsekvensar, fordi dei har verkeleg sett liva våre på spel, sa Faruqi i eit intervju med Radio National.

Innanriksminister Dutton avviser det heile, og meiner at Faruqi og Anning er like ille, og at dei begge forsøker å slå mynt på terroren som råka New Zealand førre fredag.

I New Zealand, der terroren faktisk skjedde, er debatten førebels mindre. I dag stilte heile senatet seg samla bak eit forslag om å stramme inn landets våpenlover.

SISTE NYTT

Siste nytt