Hopp til innhold

Islamistar gjer reint bord i Egypt

Dei offisielle tala etter andre valomgangen i parlamentsvalet i Egypt viser at dei islamistiske partia har fått 65 prosent av røystene.

Det muslimske brorskap Egypt

Den muslsimske brorskapen er det klart største partiet i Egypt.

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

Tildekkede egyptiske kvinner

Dei islamistiske partia har gjort det svært godt i det egyptiske parlamentsvalet.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Partiet til Den muslimske brorskapen, Fridoms- og rettferdspartiet (FJP), har fått 36,5 prosent av røystene i valomgangen som vart halden 14. desember. Det endå meir ytterleggåande salafistpartiet Al-Nur har fått 28,78 prosent av røystene.

Dei islamistiske partia vil kome til å vere dominerande i underhuset i det egyptiske parlamentet.

Det liberale partiet Al-Wafd, det eldste politiske partiet i Egypt, fekk 9,6 prosent, medan eit anna liberalt parti, Egyptisk Blokk, fekk berre sju prosent av røystene.

Den tredje valrunden i Egypt går 3. januar. Deretter blir det tre nye rundar med val til senatdelen av parlamentet.

Fridoms- og rettferdspartiet har sagt at dei vil få stort nok fleirtal til å danne regjering, men det regjerande militærrådet har sagt at parlamentet ikkje vil ha makt til å utnemne statsrådar.

Miiltærrådet har sagt at dei vil overføre makta til sivile etter presidentvalet, som er planlagt i slutten av juni neste år.

LES OGSÅ: Flere tusen demonstrerer mot vold i Egypt

LES OGSÅ: Kvinnemarsj i Kairo etter Clinton-kritikk

LES OGSÅ: – Demonstrantene er gatebøller som burde vært i Hitlers ovner

LES OGSÅ: 106 journalister drept i 2011

SISTE NYTT

Siste nytt